– i boken : “Kristenliv i Bjørgvin. Eit Festskrift”. Bergen Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1952.
– fra s. 30 – 31 :
Han var døypt Thormod og Oscar Handeland seier at han var mannen med barnehjarta, falkeauga og slagsverdet.
Denne mannen var fødd 12. juli 1849 i Høgsfjord og var såleis (ved stifting av Kina-misjonen i Bergen/red.) førti år gamal.
I sine unge dagar hadde han vore ein villstyring som såi mange andre, men lengta etter fred med Gud. Andre juledags-morgon 1871 fann han denne freden ombord i fiskarbåten på ein tur til Nordland. Og han fann freden i det som Kristus hadde gjort for han.
Året etter kom han heim att og vitna om Frelsaren på møte, og ungdomsflokken tykte at Thormod hadde teke med seg opp på kateteret den same friske og djerve svingen som han hadde i danse-laget. Men no hadde han vorte ein ny mann.
Fire år etterpå tok han bibelbudprøva hjå sokneprest Kobro i Høgsfjord, og eit par lekmenn eksaminerte han eit par timar i den kristne trua. Etterpå la presten hendene på hovudet hans og signa han til yrket som bibelbud.
No vart han fyrst emissær for Lutherstiftelsen. Elles tok han lengre eller kortare turar for andre organisasjonar. I 1886 fekk han kall frå Bergens Indremisjon og gjekk inn i arbeidet der. Då var han 37 år gamal og stod i si beste kraft. Det fylgde ei veldig åndsmakt med Rettedal i denne tida. Det verka slik på folkemengda at alle hus vart for små, og mange kom ikkje inn.
— I Hordaland, Rogaland og Agder eide han et navn og en tillit som få andre predikanter. —
Om Kinamisjonen sa Rettedal : Gud har nødt den indpå mig, og mange venner med mig i Bergen. Vi måtte ta hånd i hanske og efter fattig leilighet gjøre noget for at Kinamisjonen kunde bli grunnlagt, organiseret og ledet, så det ikke gikk i virvar og blev oppblandet med svermeri og sekteri, og vi således skulde tabe vår kirkes misjonerende folk, som liksom umiddelbart i ett nu ble kaldt til å arbeide for evangeliets utbredelse blant Chinas millioner.