hans pedersen lingjerde : bortgangen 28. desember 1913 notert i «sogns tidende»

– med undertittel «Sygna», gammelnorsk for «Sogn», for fredag 23. januar 1914; denne avis utkom i Sogndal; Hans Lingjerde stammet fra «Lyster» (Luster), langt inne i Lustrafjorden, en fjordarm innerst i Sognefjorden; her er nevnt at Hans gikk bort «tridje joledag», som ville være den 27. desember, men kirkebøkene viser at dagen han gikk bort var 28. desember 1913, altså 4. juledag – se fra disse her.

Teksten nedenfor viser hvor avholdt han var og ble fra tidlig ungdom regnet blandt det «gamle bønefolk her i indre Sogn»; dette er en sann hedersbetegnelse :

Hans P. Lingjerde

er avliden.

I Vardal paa Austlandet døyde tridje joledag no sist ein gamall namngjeten sogning, Hans Pedersen Lingjerde. Han var fødd 1819, vart vakt i tjugeaarsalden og tok paa aa reisa og preika.

Alle gamle bønefolk her i Indre Sogn kjende honom godt. Tente nokre aar hjaa gamle hattemakaren i Sogndal. Sidan bar det paa langferder med honom austanfjelds og nordanfjelds, der det i femtiaari vart stor rørsla etter arbeidet hans. Klokkar Heggtveit kjem difor til aa ofra honom eit langt stykke i den boki si, som han held paa og gjev ut um den norske kyrkja i det nittande aarhundrad, naar han kjem so langt (les H.G. Heggtveits presentasjon av Hans Lingjerde på denne siden).

Seinare vart han gift paa Birid og kjøpte seg gard og busette seg i Vardal attmed Mjøsen. Der døydde han no som kaarmann 94 1/2 aar gamall.

Dei siste 13 aari hev han halde seg tilsengs, daa han hev kjent seg veik, men han hev elles ikkje havt smerter. Aandsfrisk var han like til det siste, so han song og las og prata, men no paa slutten høyrde han svært lite og saag berre paa det eine auga. Han slokna burt som eit ljos etter at han hadde sagt farvel med kona si.

Gamlen hev vore tvo (to/red.) gonger gift. Den fyrste kona hans døydde for 40 aar sidan. Den siste lever etter honom. Han hadde mange born baade med den fyrste og den andre kona. Ein av sønerne med den fyrste kona er no amtsskulelærar i Skjeberg. Han livde barneaari sine i Luster og gjekk paa folkehøgskulen her i Sogndal vintrarne 87 og 88.

Skriv inn søkeord..