– i boken : «Kristenliv i Bjørgvin. Frå Selje til Sund. Eit festskrift». Bergen Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1952.
– fra s. 24 – 25 :
EIT TIDSKIFTE.
I 1860 åra kom ei ny åndsbylgje inn over Noreg. Det var Rosenianismen. Før hadde åndsstraumane kome mest frå sør. Litt hadde nok kome med skutene frå England og Skottland, men det kom helst umerkande stilt.
Men dette som kom frå Sverike, kom som eit veldig ver. I den fyrste tid kom rørsla gjennom skrifter, slike som bladet Pietisten i Sverike og Budbæreren i Noreg. Der var det mange som las seg til liv og frelse. Og snart skulle den nye rørsla få menn som ropa henne ut frå Iåvebruer og talarstolar.
Jakob Traasdahl frå Lesja vart banebrytaren for rosenianismen her i landet. Traasdahl var av haugiansk ætt og fødd i 1838. I ungdomsåra var han mykje med på haugianske samlingar i heimbygda, og var sterkt kalla då han i tjuande året reiste sørover til Fredrikstad i målarlære. Her kom han mellom framande og kjende seg meir fredlaus enn før. Og no sette han seg føre at han ville vinna fred med Gud, kva det enn skulle kosta. Og i denne strid gjekk han på møte hjå metodistane i byen og fekk hjelp. Men striden var hard, og han fann omsider fred ved å lesa skrifter av Carl Olof Rosenius, som han kom over. Frå no av elska Traasdahl inderlig Rosenius. Men han vart verande mellom metodistane i Fredrikstad så lenge han gjekk i målarlære. Og i fristunderne sine tala han ofte Ordet med stor kraft.
I 1862 kom han heim att og gjekk attar inn i statskyrkja.
Traasdahl vart ein forkynnar av Guds nåde og fekk mange kall til å forkynna Ordet. Eit slikt kall kom frå Gøteborg. Han fylgde dette kallet og vart i Sverige i fire år. Der vart han med på det møtet der Rosenius slokna. Og Traasdahl vart endå sterkare gripen av det klåre evangeliske synet som han fann i skriftene hans.
Komen heim frå Sverike, vart han med i Bergens Indremisjon som vart skipa i 1863, og nett no gjekk den slett ikkje så bra. Ingen lekmann måtte tala offentleg der. Der var mykje død og vanmakt. Men då Traasdahl kom, vart det vind i segla.
Visst hadde folk høyrt evangeliet før her. Men det var helst med den sein-haugianske tonen om at folk måtte gå bøygde under lova i årevis før dei var mogne til å tru nåden.
Men no kom ein ny tone.
– Kom som du er.
– Kristus har sona for alle syndene dine.
– Gud er forsona i Kristus, og alle som trur på Kristi soningsverk, er rettferdiggjorde for Gud.
– Om du har mange eller få synder, enten du angrar mykje eller lite, kan vera det same. Det er Kristus som frelser. Difor må du koma til han, og koma som du er.
Det var som fengseldører vart opna, og fangar vart frie. Det som ein ikkje kunne verta rettferdiggjord frå ved lovgjerningar, vart ein no rettferdiggjord frå ved tru. Du for eit evangelium ! Folk samla seg slik kring talarstolen til Traasdahl at alle møtehus i byen vart for små. Slik som han tala, hadde ingen tala før, så langt folk mintest.
Og no gjekk det som det plar gå, når Gud gjestar folket med vekking. Det kom alle til gode. Misjonsselskapet fekk sin lut av signinga, og no gjekk det saman med Indremisjonen og bygde Misjons- huset i 1874. Det vart eit romsleg lokale, og eit verdig minnesmerke over fedrane som bygde det.
No hadde Traasdahl gjort eit storverk. Han hadde brote dei lekkene som Indremisjonen var lagd i ved at ingen lekmann måtte tala offentleg. Sjølv var han lekmann og hadde tala som ingen hadde gjort i hans tid.
Traasdahl skapte skule. Mange unge menn vart så gripne av forkynninga hans at ho smelta samen med dei og gav dei det rosenianske kristensynet. Dessutan var Traasdahl ein flink forfattar og bokhandlar. Gjennom skrifter grunnfeste han endå meir av dette synet. Men det gamle haugianske kristensynet sat nok endå att i folket, og sume stader stod dei på vakt og viste det nye frå seg. Andre stader tok folket imot.
Det gamle og det nye smelta saman, og det vart til liv av døde. Ei ny tid hadde kome over Vestlandet.