– i boken : “Kristenliv i Bjørgvin. Frå Selje til Sund”. Eit festskrift. Bergens Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1952.
– fra s. 9 – 12 :
Her ligg ein stor lut av Noreg og breiaste teigen av Vestlandet, frå Øygarden i vest og heilt inn til Turtagrø under Fanaråken og Skagastølstindane i aust.
Her er 51 prestegjeld som ligg teig om teig i ein rik og skiftande landslut. Skiftingane er store her, frå armod til rikdom, og frå øydemark til dei herlegaste hagar. Og det underlege er at ein kan finna dei gildaste fruktene inn ved hardaste fjella, og rikdom på audaste stader.
Ingen ting er så grått som Bergensleia. Ja, slik er det sagt, og kanskje er det rett og, serleg når ein ser henne i grått vestaver.
Verste kneiken var ved Stad, som stikk ut i havet som ein trugande peikefinger, som er vanskeleg å koma forbi.
Mange fekk otten i seg her, og det er fortalt om vikingar som drog skipa over Mannseidet for å sleppa storhavet. Men den gongen var skipa lettare, og folket var kanskje sterkare enn no. Seinare måtte folk reisa rundt Stad. Og mang ein vart bleik og tom etter den ferda. Kanskje var det av den grunn at alt såg grått og trist ut, og gråare di lenger sør dei kom.
Men sør om Stad vart farvatnet rolegare, og folk fekk godt høve til å sjå Hornelen som reiser seg ende til vers med ei djup rivne i toppen. Det var ei lei rispe i slik ein hovdingskalle. Men farlegaste farvatnet var ikkje kring Stad, men kring Florøy. Mang ei skute miste det rette fyrlyset der og hamna i brenningane. Og her var ingen skildnad på store og små. Havet tok dei.
Når sola er borte ein haustdag, vert alt grått her. Himmel og hav, holmar og skjer får mest same fargen. Ein må tru at fanst her ei torve, så har storhavet og vestaveret vaska henne bort. Dei to greidde det utrulege når dei var samde, og det var dei som oftast.
Men kjem du her ein høgsumarkveld, skal du sjå at det lyser grønt frå mange rivjer i fjellet. Og bak haug og hamar står busker og småskog av mange slag. Her er rogn og hegg, bjørk, eine og fure. La vera at det er småskog. Men han greier seg lenger enn den store. Men ytste rada av øyar har ingen skog. Der må ein vera glad når ein finn den grøne torva kring husa, og torvmyrane ute i marka.
Men inne på neste rad av øyar vert det meir jord, gras og busker. Kjem ein så inn i dei ytste fjordbygdene, tek skogen til å kle fjella. Landet er ikkje berre grått. Det vert både brunt og grønt.
Hordaland fekk sitt eige ynde. Her ligg mange små gardsbruk mellom bakkar og berg. Mange var for små til å fø hest. Mann og kone måtte sjølve vera hest der. Alt måtte dei bera i kipe på ryggen. Då var det ikkje underleg om guten såg etter om gjenta hadde god kiperygg, og ho såg meir på nevane hans enn på andletet. Skulle dei leva, måtte dei slita, men då kunne dei leva godt.
Her og der vart det romslegare med jord, og lengst inne ligg Voss som ei perle. Her er ei sers rik og vakker jordbruksbygd. Bygda ligg som ein krans kring Vangsvatnet. Gardane ligg breie og vel dyrka etter høge og skogvaksne lier. Fjellgrunnen er ofte leirskifer. Difor gror det så godt. Reiser ein frå Voss nordover gjennom den lange og tronge dalen som heiter Vossestranda, kjem ein over Stalheimskleiva ned til Sognefjorden.
Her har me største fjorden i landet, 180 kilometer lang. Det er ein brei og dryg vassveg med høge og bratte fjell på begge sider. Men det er ro over desse fjella. Dei kastar seg sjeldan ut i lettsinn eller slikt. Men inn i dei djupe fjordgreinene vert det sakte vilt nok. Nærøyfjorden er kanskje basen her. Men Lærdal med mil etter mil med flat botn og fjella så bratte som sidene i ei kiste, kan gjera det trongt nok. Årdal og Skjolden får den villskapen som er i slekt med Jotunheimen, medan Fjærland har tøygt seg så langt inn under Jostedalsbreen at epla knapt vil trivast der. Våren og hausten vert for kald av brelufta.
F! les har Sogn gode jordbruksbygder, og i dette hundreåret har fruktdyrkinga teke seg veldig opp. I mange bygder er eple- og pære-trea meir verd enn resten av garden. Det var vanskeleg å rekna ut alt med Sognefjorden. Inne ved Solvorn er han 1244 meter djup og ute ved Sygnefest 158. Den djupe buken langt inne i fjorden tømest ikkje så lett, og skulle såleis vera ein god regulator. Der er ro over Sogn. Men diktaren Henrik Wergeland må visst ha røynt noko anna når han syng :
¤
Den har været Dødens Gjæst. Den har seilet på en Torden,
Den er døbt i Rædsler vorden, som har pløiet Sognefjorden Fortun fra til Sognefæst.
¤
Sunnfjord vart meir ei blanding av sjø og fjordbygd med mjukt grunnfjell. Her veks det vakkert heilt ut i havbrynet på Flora. Men ingen stad er havet farlegare enn her, når det reiser seg vilt med mange løynde skjer. Men innanfor der sjøane stilnar i brotne bylgjedrag, går fjordane «i tunger inn over dit hvor de stilner av». Og her går fine dalar opp gjennom landet. Viksdalen i sør og Jølster i nord tøyer seg opp over mot Breim.
Nordfjord har noko av same laget som Sognefjorden. Men er berre halvt så lang og har noko av den fagraste natur som finst på Vestlandet. Det er ei eiga ro over Nordfjord, heilt frå dampskipsleia og til botnen ved Stryn, Loen og Olden. Men der løyser det heile seg opp i veldig villskap under skinande brear. Det er inne i denne fjellheimen Lodalskåpa reiser seg himmelhøg som ei dronning. Men ho var ikkje alltid så blid. Meir enn ein gong sende ho død og undergang over folk som budde i dalen.
Det er rimeleg at folkelyndet i ein slik stor og vidsveimd landslut skifter ikkje så lite. Folket er i stor mon eitt. Det er vestlendingar. Men lyndet kan vera ulikt som verlaget. Det skifter i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Kanskje er skilnaden størst mellom havstril og vossing.
Midt i Hordaland ligg Bergen med 113.000 menneske, og den er noko for seg sjølv. Det er byen mellom dei sju fjella, og han har endå fleire sermerke.
Alle folk der går med paraply, og har ein ikkje paraply, så er han ein framand. Han er ikkje innfødd, men innflyttar.
Og målet får ein eigen klangfarge som berre dei innfødde har. Framande og innflyttarar snakkar på ein heilt annan måte. Heimemålet heng ved dei i lengste läget. Men vert dei i byen, så blir dei nok ekte bergensarar enten i fyrste, andre eller tredje ættleden. Kring 1750 var fjerde kvar innflyttar til Bergen ein utlending.
Heilt rein er difor ikkje den vestlandske rasen i denne luten av Vestlandet, og slett ikkje i Hordaland med Bergen og Indre Sogn. Der finst mange utanlandske namn. Det var gjerne folk frå landa sør om Nordsjøen og Skagerak, som i gamal tid kom nordover og slo seg til. Mange kom i den tid Bergen var den største sjøfartsby i Noreg og Danmark. Då var her eit herleg land. Mange av dei framande vart verande her. Ætta deira smelta sam an med folket, og berre namnet minner om at dei er av framand rot.
Vestlendingane vart eit patriotisk folkeferd, anten dei bur i by eller bygd. Dei elskar heimane sine om dei er så små og skrale.
Dei elskar far og mor og heime-jord, fjord og li og fjell. Dei elskar morsmålet og alt som er ekte norsk. Dei elskar fedrelandet, ottast Gud og ærar kongen.
Me såg det så titt. Når raset gjekk over bøen, rudde bonden garden på ny. Då Ravnefjell to gonger gjorde fagre grender til ein ruin-haug der dei fleste miste livet, gjekk dei som var att og berre stunda etter å få reisa heimane på ny.
Og ute langs den farlege kysten Stad til Korsfjord var det mange som bleiv. Sjøkleda vart liksveip. Tang og tare var blomane som vart lagde over dei på deira siste ferd. Likevel vil dei unge sigla der dei gamle sokk. Dei sigler på stormpiska hav og bergar heim att rikdomar frå havet. Det vert nok til mat for folket, sko, klede og vakre hus på verhard kyst. Og endå vert der litt til overs. Mange av dei som sette livet inn for å finna mat til seg og sine, hadde ofte eit stort overskot som kom andre til gode. I dåd og offervilje kan dei stå som lysande føredøme for andre. Ja, slik er folket frå den landsluten som ein gong vart kalla den mørke kyststripe.