– i boken : “Kristenliv i Bjørgvin. Frå Selje til Sund”. Eit festskrift. Bergen Krins av Norsk luthersk Misjonssamband. Bergen 1952.
– fra s. 13-15 :
Ser ein Stadlandet ovan i frå, ser det ut som ein veldig arm, som er lagd mot nordvest ut i havet. Olbogen vender mot Vanylven, men sjølve handa med alle fingrane peikar mot havet. Fingrane er litt stubne i tuppane for di havet har rasa mot dei gjennom tidene. Men enno er dei der alle.
Tommelfingeren med Jonsegga og Blåfjell peikar beint vest. Hovden som ein liten spiss peikefinger snur mot nodvest. Langfingeren er størst. Han er brei o g stuv o g kallast Kjerringa, og ris 1630 fot i veret. Ringfingeren er litt krøkt. Men naglen er god. Det er Stålet med Kviteneset. Lengst inne på Møresida ligg litlefingeren samankrøkt under Revjehornet. Kring denne handa har mang ein livslagnad vorte avgjord. Difor kvidde mange seg for å leggja vegen sin her.
Over denne store og gamle handa kom ei hand som var enda større og var endå eldre, og snudde vårt folks lagnad på underleg vis. Det var handa til Den Gamle av dage.
Handleden på Stadlandet er eit eid som går frå Leikanger i nord til Drage i sør. Her stemnde Olav Tryggveson folket frå Romsdal, Sunnmøre, Sogn og Fjordane fylke til ting i 997. Her tok folket ved den kristne trua, og krossen vart reist på Drage.
Men mange og underlege ting hadde hendt før krossen vart reist der. Mange av dei menn som tok avgjerdsla her, hadde møtt kristendomen på like så underlege vegar, som Olav Tryggveson sjølv.
Det er merke]eg å sjå at inne i avkroken av Stadlandet ligg den vesle øya som heiter Selje. Her vart bygd ein av dei fyrste norske heilagdomane, og ei tid var han den fremste i landet med kyrkjer, kloster, bispar, prestar og munkar. Hit kom pilegrimar heilt frå Sør-Tyskland og tilbad. Klosteret høyrde til Benediktinerordenen. Her stod St. Sunniva-skrinet heilt til 1170, og då hadde Selje vore bispesæte i hundre år. Men dette året vart St. Sunniva-skrinet ført til Bergen og sett opp på altaret i Store Kristkyrkja. I den kyrkja vart det krynt fem kongar.
Men endå var Selje bispesæte i hundre år. Og mang ein munk gjorde ferder her i frå til bygdene i kring, og bar ut den kristendomen han hadde, eller han sat i klosteret og skreiv av heilage skrifter elles las bøner til dess lyset slokna her både på altar og åre i 1451. Det er fem hundre år sidan denne heilagdomen vart broten ned av ufreden.
Men nye heilagdomar hadde vorte reiste i sjel og sinn over heile Vestlandet, for di ordet om krossen hadde vorte forkynt på eikor vis. Det vart enno lange mørke tider både før og etter reformasjonen. Men ei dagrand var der.
Det kristelege hovudsæte vart flytt frå Selje til Bergen, som ei tid vart hovedstad for heile riket. Og seinare vart Bergen litt av eit hovudsæte for levande kristendom. Mange gode menn og kvinnen budde her, og ingen kan nemna dei alle ved namn. Men her skal nemnast biskop Niels Enevoldsøn Randulf, som sat på bispestolen frå 1665 til 1711. I 1669 fekk han innførd skikken med husandakt. Kvar husfar skulle halda «kor». Rett nok var det enno smått stell med lesekunsten. Men ungdomen skulle læra bøner utanboks, som dei skulle lesa morgon og kveld og ikkje gå til sengs som umælande dyr.
Det var skam å ikkje kunne lesa Guds-ordet i heimen. Difor streva mange hardt under vanskelege kår å læra lesekunsten. Så kjøpte dei seg ein huspostill mest i kvar heim. Det var store og dryge bøker i sterkt skinnbind. Dei var brukte om sundagene, og ofte om laurdags-kveldane. Og likevel varde dei slekt etter slekt. Dei vart arvegods som alltid vart teke med når det vart skifte i ein heim.
Då Randulf hadde sete som bisp heile si tid, hadde han ordinert alle prestane i bispedømet på ein nær og fekk såleis godt oversyn over det heile. Men han hadde og syn for personleg kristendom. Det kan ein sjå av liktalen som han heldt over Ambrosius Hardenbeck. Der seier han mellom anna :
«De frommis Sæd er kon heel tyndt sået her på Jorden, og ud i et Land eller Stad findis sådane icke hyppigere end som Druerne på Viinqvistene i Høstens Eftersamling, nap her en oc der en».
Av de «frommis sæd» på den tid skal nemnast Dorothe Engelbretsdatter, fødd i Bergen 16. januar 1634 og døydde der 19. februar 1716.
Nitten år gamal vart ho gift med Hardenbeck, som var prest ved Domkyrkja, men vart enkje då ho var 49 år gamal. I si tid laga ho mange salmar og songar til fest og til trøyst. Det er ho som laga salmen :
¤
Når verden med sin glede sviker, når lykken ikke lenger ler,
når kors fra alle hjørner kiker og stirrende inn på mig ser.
Da vet jeg ingen bedre råd end fly til Jesus med min gråd.
¤
Denne tonen tok folk sterkt der ute ved havet. Der var ikkje så lang veg mellom smil og tåre, og dei lærde å syngja salmane hennar. Ei kort tid budde ho i Sund, og der har dei seinare sunge salmane hennar i gravferder og til andre høgtider i 250 år. Det var nok ikkje berre døgnfluger som kom til i dei dagar heller. Og underleg er det å vita at det var salmar og andelege viser som var « bestsellere» hjå bokhandlarane på Vestlandet i den tid.
Med arbeidet for husandakten opna Randulf vegen for pietismen på Vestlandet. Det var pietistar med eit klart evangelisk livssyn som skreiv dei fleste huspostillane, og Dorothe Engelbretsdatter var ein av dei songfuglane som lærde folket å syngja.
Til Bergen kom Erik Pontoppidan som bisp i 1747. Ti år før var han slottsprest og professor i København. I den tid fekk han ferdig forklaringa «Sandhed til Gudfryktighed», som vart innførd som lærebok i folkeskulen i 1737. Dermed fekk born og ungdom ei grundig opplæring i kristendom, og skulen vart ein kristendomsskule.