slaget ved toverud 1808 og prinsen av augustenborg (kristian august) : presentert av j. skar

– i tidsskriftet “Syn og Segn”, fra 1897;  som vi ser av teksten under, er den skrevet på bygdemål, slik folkelivs-granskeren Johannes Skar praktiserte konsekvent;

– og Kristian August, som stykket også omhandler, født 1768, var godt kjent blandt nordmennene i årene forut for krigsutbruddet med Sverige; som dansk prins og offiser ble han fra 1803 kalt til Norge som leder for landforsvaret av Norge søndenfjells og ledet felttoget mot Sverige i 1808; han var også leder av regjeringskommisjonen fra dens dannelse i august 1807 og som i realiteten styrte Norge under den britiske sjøblokaden av alle nasjoner i allianse med Napoelon.

Som det framgår nedenfor, nøt Kristian August stor popularitet og ble i vide kretser her hjemme sett opp til som landets redningsmann i en krisetid.  Og hadde han ikke blitt valgt til svensk kronprins i 1809 og med en tidlig død i 1810, kan det være slik Johannes Skar skriver til slutt, at “Norig vilde vore sin eigen herre“.

Um slaget ved Toverud. Prinsen av Augustenborg.

Olav Mellgarden paa Fron og Eirik Rolvstad, bror hans, laag ute i 1808. Dei var tamburar baae, Olav korpstambur. Dei saag ofte prinsen; stundom stod dei tett utmed honom, og det hende seg endaa, at han gav seg i tale med dei.

I 1880 og dei aar som gjekk namist fyre, var eg av og til saman med dei og dei fortalde daa mangt og mykje baade um herferdi og prinsen av Augustenborg;

dei stod under major Veiby. Um vaaren 1808 laag Veiby i Asker eit tak og kvilde seg ut att med 1400 mann. Daa fekk han bod fraa prinsen : ein svensk herførar, som heitte Mørner, vilde snikja seg fram fraa Blaker til Kristiania med heren sin; Veiby skulde taka skotet beinaste yver Lørenskogen og koma i ryggen paa honom.

Mørner tok i vegen fraa Blaker skiftorsdagen og langfredagen. ‘Paaskedagen eta me i Kristiania’, sagde han.

Det var i verste førefallet um vaaren; men Veiby var paa staden i rettun tid. Han kløvvde heren i tvo : 800 mann gjekk mot Haneborg; Veiby sjølv sette etter Mørner med 600, og der var Olav og Eirik med.

Dei fyrste svenskarne dei fekk sjaa, var ein husar og ein som køyrde paa ei kjerra, og det var i Urskog.

Husarhesten vart skoten; men svenskarne løyste svint den andre hesten ifraa og reid til Haneborg.

Ved Killingmoen møtte dei eit par hundrad svenskar. Svenskarne tok imot og skaut, men lagde snart paa spranget.

Under prestegarden i Urskog er eit husvære som heiter Aursmoen. Der stod ein svensk patrulje paa 50 mann. Dei gøymde seg attum husveggjerne og stod der og skulka og skaut frammed loftom. Ein underoffiser, som heitte Larson, av 2dre Akershusiske, fekk ei kula, so han laag paa flekken. Men nordmennerne skaut nokre av dei, fanga eit par og støkte dei andre undan seg. Dei strauk til Haneborg.

Det var tridjedag paaske. Nordmennerne kvilde ved prestegarden. Dei var fælt lemstre etter all gonga, og lite hadde dei sove, sidan dei tok i vegen fraa Asker. Daa tok presten ut mange tunnor med øl, og slo utor tappen og let det renna i eit stor kjer midt paa garden, so alle fekk drikka utyrsten sin.

Mørner var ikkje langt undan. Veiby sette ut fyrepostar mot honom; sjølv stod han ved Toverud, eit lite stykke fraa prestegarden. Daa gjekk svenskarne imot fyrepostarne.

Den fyrste som vart fyre dei, var ein lomvær, og han gav seg til fange.

Hallvor Baatsøy fraa Kvam paa Fron skaut paa dei og tok hyven; men han fekk ei kula gjenom leggjerne og vart teken.

Olav Hage, sambygdingen hans, kasta seg aa gruve ned i ei myr frammed ei tuva med ei furubuska paa, og svenskarne flaug yver honom. “Her ligg ein husar”, sagde ein av dei og letta paa den eine foten hans. Ein svensk kaptein stupte tett frammed honom. “Gaa paa, gaa paa !” ropte han, kav til han gav upp andi.

Veiby skaut fælt. Men med eitt vart det stilt. Svenskarne trudde krutet traut for nordmennom, og kom setjande.

“Chargez, chargez !” (chargez – fransk (sjarsjé) Gaa paa !) ropte Veiby, og dermed so gjekk det salve paa salve, so det var i ein rammel. “Det er dine eigne du skyt paa”, ropte svensken. “Er det vaare eigne, so maa dei hava det so godt“, svara Veiby.

Veiby gjekk og heldt seg i armen hans Olav Mellgarden. Han hoppa uppfraa og tok fastare tak for kvar salva som gjekk. “Hvorledes gaar det, mener du ?” tok han upp att alt i eitt. “Aa, det gjeng nog godt, dette”, meinte Olav.

Daa tridje salva gjekk, kom ei avdovna kula skarrande og strauk Veiby paa leggen, so han vart svart. Daa ropte han paa doktaren og gjekk inn der dei laag dei andre som var skadeskotne.

Slaget ved Toverud stod natti millom tridje- og fjorde-dag paaske. Ved midnats leite tok krutet paa og traut for nordmennom. Daa kom det springande ein underoffiser som heitte Harildstad. “Dei ropar paa munisjon”, skreik han. “Det er raad til aa faa det”, sagde Olav; for han saag det stod att ei krutkjerra, som aasen var avkøyrd paa, etter akershusingom. Han tok eit grev som laag der, og braut utor laaskingen, og daa han hadde teke nokre pakkor, slo han honom atti, so det synte ikkje ein gong, at kjerra hadde vore upphavd.

Men svenskarne skaut, so det kvæste ikring honom; for kjerra stod beint imot kjøkenglaset, og det lyste inne, so dei saag honom so for vel imot ljosken.

Harildstad var so rædd, at han gøymde seg attum kjerra, og ein offiser ropte til Olav, at han laut vara seg. “Men det var rart”, segjer han; “me kom ikkje i hug slikt daa; ved Killingmoen derimot var me illhyfsne alle saman”.

“Harildstad fekk medalje, han”, fortel Olav.

Svenskarne var uppgjæve, og Mørner gjekk til bøns; men nordmennerne skyna det ikkje, og heldt paa og skaut like kvast. Men so var det ein fransk offiser, heitte De Place (dø Plas), som stod framanfyr Olav og Eirik, paa vinstre her-armen. “Dei bed um pardon”, sagde han til Olav; “slaa, so dei held opp med chargeringen”. Han slo, og det vart blikande stilt.

Daa kom Mørner ridande, og han reid paa ein raud-blakk hest. Ein trompetblaasar fylgde honom paa ei avbragsleg diger merr og bles paa trompeten. Olav sette fraa seg trumma ved bror sin, og tok imot hesten og stod og heldt honom i beislet. Huvudlaget var tett sett med “ormehovud” fortel han. Mørner spurde etter den høgste herføraren og bad Olav henta honom. Ein ung offiser tok imot sabelen aat Mørner; men han hadde aldri tenkt, sagde han, at han skulde fli honom fraa seg aat ein “poike”.

Daa Veiby kom, var Mørner fortroten, av di nordmennerne skaut, etter at han hadde bede um pardon. Men Veiby svara, at dersom han ikkje var fornøgd, so kunde han gaa attende, “so skal me prøva ein gong til“, sagde han.

Mørner gav seg yver med 100 mann. Veiby bad dei gjera tvo stig fram og leggja fraa seg vaapni sine, og daa dei fyrst hadde kvilt ei stund i prestegarden, vart dei sende til Kristiania.

Daa slaget var slutt, kom prinsen med hovudstolen av heren. Eirik Rolvstad gjekk jamsides med honom eit stykke, med han reid. Han var so pratsam, fortel Eirik. “Korleis hev det gjenge ?” sagde han. “Aa bra”, svara Eirik. “Det var gildt”, sagde prinsen; “men no hev eg samla 10 000 mann, so no maa svensken koma”.

General Holst var i fylgje med honom. Daa kom det bod fraa presten i Urskog, um prinsen vilde liggja i prestegarden um natti; men han sagde nei : “Eg vil liggja hjaa soldatarne paa bar”, sagde han; men han hadde ein gamal general med seg, og vilde presten hysa honom, so kom det vel med.

Prinsen hadde med seg til Toverud tri sekspundingar, som vart køyrde fyre heren; men sjølv reid han etter. Frammed vegen laag ein gard heiter Lund. Der heldt det paa nokre svenskar utpaa vollen, og dei snudde ryggen aat nordmennom og letta paa frakkflaki.

Tolleristarne vart harme og bad løtnanten sin um lov til aa setja paa dei ei kanon, og dei skaut den eine svensken tvert av paa midten.

Daa prinsen høyrde smellen, kom han ridande i dragande renn, so lorten sprutte, og spurde kva det var. Men han tykte synd i svenskom : “Aa anse dei ikkje”, sagde han. For han var so god av seg, fortel Eirik Rolvstad.

Komedanten paa Kongsvinger heitte de Save (Seue). Han var ein av dei glupaste offiserom. So kom ufreden. Svensken stod ved Lier, og nordmennerne greip til der, so det tok svigt, til krutet traut. Daa gjorde dei bod til de Save etter meir; tri gonger gjorde dei bod, men fekk ikkje. So laut dei til slutt taka til sprangs — og svensken etter.

Daa reid prinsen til Kongsvinger og sette de Save av og sette Blücher inn att i staden hans.

Blücher var stor og stygt vond. Ein gong gav han ein ordonants hogg, av di han kom og vekte honom um natti.

Men daa fekk han prinsen paa seg paa timen. Han forlydde alle offiserarne og tok sabelen fraa Blücher og trodde honom sund. “No er du avsett”, sagde han.

Prinsen var kvass i augom. Hovudet sat litt “paa snei”.

Eirik Rolvstad laag i Kristiania paa vakt i 1807. Prinsen budde daa i eit hus tett frammed “Byens Vakt”, so han var ofte aa sjaa. Det var fyresett, at dei skulde blaasa ut vakti, so snart han kom, og gjera krus. Men han vilde ikkje; han kava med handi og sagde nei. Han gav seg i tale med smaa som med store, og spurde korleis dei hadde det.

Alle trudde seg aat honom. Um hausten og utetter vetteren 1807 var det slik naud paa salt, endaa det var salt nog i Kristiania; men kjøpmennerne sette upp prisen, so det bar ingenstad av.

Daa var det nokre bønder som klaga seg aat prinsen. “I morgon skal de faa salt”, sagde han. Og han heldt ord. Han tok med seg fire kongens karar og gjekk til tri kjøpmenner og mælte ut salt. “Eg veit kva det kostar”, sagde han, og sette paa ein vitug pris paa tunna.

Men kjøpmennerne rømde huset, med dette stod paa.

Prinsen var slikt eit godt menneskje”. Men han vart ryr. Han vart vald til krunprins i Sverike. Paa Bliksrud i Høland sagde han farvel til den norske heren. Talen sin enda han med desse ordi :

“Det er første gang I have været i fegt, og maaske det er den sidste”.

Men det var ingi ridi, so døydde han braatt. “Men det var stor skade. Norig vilde vore sin eigen herre, hadde han levt“.

Johannes Skar.

Skriv inn søkeord..