naturen i trøndelag : presentert av jakob straume

 

– i boken : “Kristenliv i Trøndelag”. Eit festskrift. Trøndelag krets av Norsk Luthersk Misjonssamband. 1952.

 

– fra s. 9 – 11 :

Namnet tyder: Her råder dei trønderske lovene, og dei er sjølvsagt noko for seg sjølv. Men elles finst her raykje av alt det som er sams eige for heile landet.

Ut mot havet er ein kyst med holmar, skjer, tronge sund og fiskevær. Her kan stormen rase så den vert vidspurd. Men etterpå kan havet legge seg kjæle inn til lyse strender med lune heimar og veldyrka gardsbruk. Det kan sakte ligge ro over Trøndelagskysten.

Ved Ørland og Agdenes smyg Trondheimsfjorden seg inn. Han er mest litt blyg og gjer krok eit par gonger. Han er så brei og stor at han skulle ha vore hav. Men han vart fjord likevel. Men slikt er ikkje noko til blygjast over. På alle sider av fjorden ligg breie og rolege bygder, med nokre av dei største og finaste gardane i heile landet. Og bak dei gilde gardane ligg store skogar oppover mot Dovre og inn­over mot Kjølen.

Det er ro og rom over Trondheimsfjorden. Fjella heng ikkje slik over han som dei gjer over fjordane på Vestlandet. Det er mange mil frå fjorden og sørover til Dovre, og ber det lenger aust, vert det berre den bylgjeforma vidda kring Røros, med mange fiskerike vatn. Men fjell finst her og, når ein tek seg tid til å leite dei opp. Nordaust for Røros står Sylane vakt ved grensa. Og Storsylen rekk opp til 1766 meter. Her er ein fjellheim som tøyer seg nord gjennom Øvre Stjørdal. I Mer­åker rekk toppane mest halvtanna tusen meter til vers. Her er blånande fjell med dyrverdige malmar. Men alt ligg så langt unna at ein ser lite av desse herlegdomane frå fjorden. Nei, der ser ein berre breie bygder med åker, eng og skogåsar så langt fjorden rekk. Og rikaste bygdene ligg i kring botnen av fjorden, og kallast Innherad.

Trondheimsfjorden kan gjerne vere blyg med all stordomen, som han har på alle sider. Her er Noregs soge skriven på kvart eit nes og i kvar ein dal rundt heile fjorden. Når det så ikkje var rom til meir soge på fastlandet, skreiv dei soge på holmane.

Tvers over fjorden frå Agdenes ligg Austråt på nordsida. For fem hundre år sia sat den mektige fru Inger der. Litt lenger inne ligg Rein kloster, som er enda eldre. Olav Kyrre gav dei store jordeigedomane til Skule Kongsfostre, som vart stamfar til Reinsætta. Kring 1230 bygde hertug Skule eit nonnekloster her, og Sigrid, søster hans, vart abbedisse.

Da Harald Hårfagre skulle samle landet til eitt rike, måtte han føre krig gjennom alle dalar kring Trondheimsfjorden. I Stjørdal ligg enno Haraldsreina til eit minne om at der fall kongen over Stjørdal.

Og da Håkon den gode prøvde å kristne landet, bogna han her. Asbjørn frå Melhus var talsmann for folkeviljen og den gamle heidenske trua. Han tvinga Håkon til å gape over blotkjelen.

Vil du drive så strengt på med denne saka og bruke makt og hardstyre mot oss, så er vi bøndene einige om at vi vil skiljast frå deg og ta oss ein annan konge, som kan hjelpe oss til å ha den trua vi vil. Slik tala Asbjørn frå Melhus, og slik har mange tala seinare.

Men Haldor på Skjerdingstedja levde mest på same tid, og fekk eit anna livssyn. Haldor gjekk med Olav Trygvason og velte den gamle trua i Trøndelag. På Skjerdingstedja bygde Haldor første kyrkja i Gauldal, og ho var i bruk heilt til reformasjonen.

Frå Gauldal kan ein fylgje fjorden rundt Byneset austover. Under nokre bratte hamrar ligg Trolla. Aust i vika renn Nea i store rolege svingar ut i fjorden. Ho har hatt lang veg frå Essandsjøen, nordvest om Sylane gjennom Tydalen og Selbusjøen. På vegen skulle ho lage mange fossar med ti tusen hestekrefter. Det vart mange stader eit stritt laup. Men nede i dei store svingane er det berre fred. Og staden vart kalla Nidaros.

Ved denne osen bygde Olav Trygvason båtane sine og sette opp naust, kongsgård og kyrkje i 998. Slik vart grunnen lagt til Trondheim, som er største byen nordanfjells, og den tredje største i heile landet med 60.000 menneske kring Nidarosdomen, den finaste kyrkja i landet. Ho er eit bilete av Noregs soge slik som ho stig ut av heidenskapen, veks i velmakt, sig i forfall og vert reist på nytt.

Beint ut for osen ligg Munkholmen med sørgesong og sigerskvad. Her var både kloster, fengsel og festning. Ein gong var det att berre denne vesle holmen som fiendene ikkje greidde å ta etter at dei hadde teke alt anna i ein sjuårskrig.

På nordaustsida av Trondheim ligg Lade. Der budde ladejarlane. Men der fjorden er breiast mot nordaust, stikk Frosta fram som ein diger peikefinger beint mot Lade. Frosta var tingstaden. Der tok dei ved lovene, og titt stod folkeviljen mot jarlemakt. På den vesle øya Tautra bygde dei Mariaklosteret i 1207.

Og inn i den vesle Åsenfjorden på austsida av Frosta ligg Steinsviksholmen. Der bygde Olav Engelbrektson ei borg i 1520. Om henne slost både danskane og svenskane i harde stridar.

Inne ved enden av Trondheimsfjorden kjem Verdalen ned. Han er brei og sers fager når sommaren kleder han i ei ovnøgd av liv. Det var sommar da Olav Haraldson kom denne vegen år 1030. På Stiklestad gav han livet for den sak han stridde for, og det vart det store tidskifte mellom heidensk og kristen tru og sed.

Her vann Olav att det som Håkon tapte på Mære da han åt og drakk på heidensk vis. Håkon berga livet og tapte. Men Olav ofra livet og vann stort. Det er soga om kveitekornet som fell i jorda og døyr.

Å sjå desse bygdene i kornmo er eit syn som aldri gløymest. Her er tusenvis av mål med åker, som duvar i vinden og gulnar til haust. Her er ei av Noregs største matbuer, noko av mergen i landet.

Skriv inn søkeord..