fraa gudbrandsdalen : innlegg i kristianiaposten 1889, forfattet av johannes skar

– folkelivsgranskeren, som tilbragte mange år i Setesdalen, der han innsamlet stoff om tidligere generasjoners liv; les den interessante skildringen og betraktningen her om Gudbrandsdals-bønder, inntatt i Kristianiaposten den 3. oktober 1889 :

I “Kristianiaposten” stod her um Dagen eit Brev um : “Et Revolutionsgilde i Christiania 1793”.

Fyre Brevet var sett eit stutt Inngangs-Ord, som greider ut um den Framgang, Tankarne fraa den franske Revolution havde her i Landet.

Dei “republikanske Ideer” havde handfast Tak i Embettestandet og dei meir framskotne af Borgarstandet i Byom. Og ikkje det berre. Men Upplysnings-Bokavlen, som hadde gjort seg laus fraa Christendomen meir og mindre, fann flust av viljuge Læresveinar.

“Det store Folk” derimot var so litet med at det mest ikkje er verdt aa nemna.

Men det kann vera Tvil, um dette hadde seg so alle Stader i Landet. I Gudbrandsdalen, til Dømes, var det mange af det store Folk, som var fengde av dei nye Tankar; i sume Bygder var det fullt av dei. Det veit ingen no aa fortelja um, at “republikanske Ideer” var av det, som tok dei vidare; men i andre Maatar fylgde dei det nye Raaket.

Dei læs Voltære og Bastholm og Otto Horrebow (Franskmannen Voltære (1694 – 1778) var den mest namngjetne Bokskrivar og Spottar, som i seinare Tider hev voret til. Bøker fraa honom var umskrevne paa dei fleste Tungemaal i Evropa.  Christian Bastholm (1740 – 1819) var Hoffprest i Kjøbenhavn og Kongens Skriftefader 1778-1800. Skreiv mange Bøker; nærmad seg meir og meir den reine Vantru.

Otto Horrebow (f. 1769) var ein prestelærd Mann fraa Danmark. Ved aa lesa Voltære kom han meir og meir burt fraa Christendommen. Fraa 1796 -1801 skreiv han eit Blad med Namnet : “Jesus og Fornuften”. Det stod i skarp Strid med Christendommen.

I si Gudstru var dei komne like so vel paa Vidaatta, som Storfolk kunde vera. Eg skal her fortelja um sume av dei, som havde so stor Fynd, at Folk ikkje heve gløymt dei.

Lars H. kom til i 1766. Han var av ei lettnæm Folkeferd; han havde hug til aa grava i Bøkom, og læs gjorde han myket, alt med han livde. Han laag i Fredrikstad og tente Kongen. Der fekk han fat i Bøkerne til Voltære. Det var lettare aa faa fat i slike Ting i Byen; men “ellers var no han Lars slik Kar, at han nog hadde fenget dei, um han hadde voret heime og, naar han berre vilde”.

Lars gjekk Skomakarlære, med han laag i Fredriksstad. Daa han kom heimatt, var han beste Skomakaren i dei Bygdom.

Det var vaagsamt tala til han, naar han arbeidde. “Naar man arbeider, skal man arbeide”, sagde han. Dei hadde han myket paa dei største Gardom norigjenom Dalen. Men han var stortøk og for fram som ein Sjølvsvorning. Traad, som ikkje var af beste Slag, elder Ljos, som var for smale, sleit han upp og braut ihop og kastad, so det dreiv.

Naar han trong Fotbyrnad, so skar han til aat seg sjølv av Byrket, der han arbeidde, og og saumad midt fyre Augom paa dei, best som ingen Ting.  Dei fekk ikkje Munnen upp.

Det var eingong, han hadde gjort fraa seg Skoarbeidet ein Stæd. Daa kom Kona i Huset og vilde faa mælt sig. Men han likad ikkje henne; “ho var nokot grovgrytt”. “Jeg gjør ikke Sko til saadanne”, sagde han, og dermed strauk han.

Kaffe var endaa ein ukjendt Ting aa kalla millom Bønder. Lars laut havo Kaffe dagstødt, der han var. Det var einstad, Kona tykte, Kaffen hadde ein Kjeim. “Det er rigtig ein Smak paa denne Kaffen”, sagde ho og flidde Lars Koppen. “Der er ingen Smag paa den Kaffe”, sagde han.

Lars var ein velbygd Kar, turrlagd og snerten, Klædnaden sat, som han var støypt paa han. Han hadde ein Sveip so fin, at han var utorkjend millom alle. Han var ordhittug og slengjeordig; det var Gaman lyda paa, naar han talad; det flaut so lett.

Lars var Sveinkall. Han vilde ikkje hava noko Band paa seg. “Man skal leve mens man lever; men man behøver ikke at leve lenger, end man vil”, sagde han.

Han var leid paa Drykken; det flotast tidlegt og vart smaatt med honom. So flutte han til Bror sin, som hadde Gard. Men han var for stolt til aa liva paa Naade. “De maa ikkje tru, eg vil sitja lengje paa Stabben att-i Vegen fyre dei”, sagde han. Daa han ikkje kunde berga seg sjølv lenger, gjekk han stad og hengde seg. Det var um Varen 1818. Daa var han 52 Aar gamall.

Det Leitet Lars H. dreiv som best, var det ein Mann i Øyer, som heiter Johan Preutz. Han hadde ein Gard, som heiter Øymoen. Preutz gjekk fyre med mange nye Ting i Bygdi. Den Bærhagen, som ein enno kan sjaa Tufti etter i Øymoen, er innlagd og tilstelt av honom. I lang Tid var det den einaste, som faunst paa ein Bondegard. Han lærde Folk aa adla Jordeple, fyrr var det ikkje meir, en so vidt dei var kjende av Namn. Høgdi var, at dei sette ei Epleseng frammed Mykjakoken elder paa de feitaste Flekkjom ikring Garden; dei trudde, det skulde so feit Jord til.

Heile Avlingi kunde vera nokre Kjerald med lause Eple. So vart dei lagde inn paa Golvet i Stova i lang Tid — under Benken eller Sengi — til dei var vel turre; daa skulde dei halda seg best i Kjellaren.

Preutz sette Eple paa store Flengjor i Aakeren og avlad i Haugevis. Og Folk tok etter; alt i 1814 var det fleire, som sette mange Maal. Fyrr hadde dei brent Brennevin berre av Bygg; Preutz brende av Jordeple. Folk berre log, det fyrste dei høyrde gjetet det; sjølv Lars H. heldt dette utrulegt. “Hvorledes kan det give Kraft fra sig, som ingen Kraft har”, sagde han.

— Det var paa ein Gard, det laag ein stor Myr nedunder Gjordet. Eingong var Preutz der. Han stod ved Glaset og saag ned paa Gjordet. “Den Myr skulde dyrkes”, sagde han, “Men det skal Pengar til”, sagde Kona; ho var aaleine inne. “Man laaner Penge til saadant”, sagde Preutz. Femti Aar seinare vart Myri dyrkad.

“Preutz var ein veldig Mann”; det laut fram alt han sette paa med. Folk tykte, det var ein svære Kar. “Det er ingen Sag at være Kar, naar man har Vid i Hovedet”, sagde Preutz.

Preutz var god til aa maalbera seg; det gjekk som ein Leik, naar han talad. Var han i eit Lag, slog Folk gjerne Krull ikring han, der han sat. Drakk gjorde han ikkje; han trong det Ikkje helder, han var upplagd og livande nog like vel.

Preutz var vellagd og snøgg i Vendingom; han gav ein Nygg fraa seg, spent “som han hadde voret Embættesmann”.

Han var medels stor, hadde svart, krullat Haar og blaa Augor. Lars var ein av Godvenom hans; det var slike han likad best.

Det var ein ung Skolemestar, som var myket i Lag med honom. Preutz gjorde han reint til ein Fritenkjar; men han hadde det fyre seg sjølv. Han opnad seg eingong fyre ein af Hauges Vener; det var eit mykje vidsynt og skynsamt Menneskje. “Korleis kann du vera Skulemeistar, som trur soleides ?” sagde han.

“Det er tungt au aa læra andre det, ein ikkje trur sjølv”, sagde Skulemeistaren. Men han hevde paa like vel.

Preutz var fødd i Valberg i Sverik 1778. Han var Fargar. I 1808 kom han til Norig. Kringum 1808 kaupte han Øymoen. Han spelte stort og hadde det grust; men han vart Fant. “Labben vilde inte følgje Leika”, sagde Bygdefolk. Daa kom det i Uppropet, at han gjorde falsk Mynt. Det gjekk so til : det kom ein reisande Svenske til Øymoen; han heitte Anders Vindkvist. Preutz handlad ved han og flidde honom Pengar; men so rykte han dei ut or Handi paa honom att. Anders var vond; men dei vart Vener att, og Preutz skjenkte honom. Daa vart Anders braadsjuk. Drammen reiv “som et overordentlig virkende Laksativ”.

Preutz vart sett fast. Dette var i 1815.

Men der gjekk styrdt og seint aa faa nokot paa han. Baade ved Heimeretten og Stiftsretten gjekk han fri. Baade Domarne fall i 1820. Men Møgsteretten dømde honom paa Slaveriet i 10 Aar – 10de Juli 1823. Daa var han 45 Aar gamall.

Sumaren 1824 var Johannes Kvam fraa Øyer og min Far til Byen. Eingong var dei ute og saag seg um paa Festningen. “Gudag Kvæmmen !” ropad det so kvikt ut til dei fraa Slaveriet. Det var varmt Vedr um Dagen og Glasi stod uppe. Dei saag ingen; men det var Maalet til Preutz Livs livande.

Arne B. gav upp all Gudstru. Han trudde korkje paa Gud elder Djævel elder Uppreising. “Naar jeg er død er jeg død som en Buk”, sagde han.

Eingong laag han og Jo Heggje paa From i Vaalbrui og mol. Arne spottad, so det lyste. Bibelen var berre Prestelygn alt igjenom, sagde han. Dei hadde lagt seg paa Benkjerne i Kvernkammerset. Det var um Vaaren. Daa gjorde Vaala Issforr. Det kom Is i Renna og inn paa Hjulet, so Huset skalv. Arne flaug upp. “Aa Gud trøste og hjelpe mig”, sagde han. Jo log. “Kvat er det, som rid deg, med di du bed til Gud”, sagde han. “Det er ein gamall Fordom; han er ikkje god aa gjera seg laus ifraa“, sagde Arne.

Tjostolv R. vilde aldrig gjera annat en lesa og leika paa Fela. Han hadde Bøker fraa Voltære og mange andre. Eingong for han alt ned til Danmark og var er ein Rykk fyre Bøker Skuld og Lesnad; men han var ein laak Gardbruker.

Det var ein Timbermann, heitte Lars Dovehaugen. Eingong dei var paa Kjørstad, kom dei i Ordkast, og Tjostolv spottad. Jesus var ein Lausing-son, sagde han, — men slikt sagde han berre naar han var full.

Daa sette Lars han i det, at det er laak Kar, som ingen Ting vil gjera. So hidde Tjostolv honom att med di, at han var so stygg paa Hendom. “Ja, du er Arbeidskar, du”, sagde han; “difyre heve du so bekbrædde Fingrar”. “Kann du sjaa paa Soli med eitt Auga, du ?” sagde Lars. “Kann du sjaa…”, sagde Tjostolv, og gav eit Svar, so det song; men det var grovgjort.

Tjostolv var Sveinkall. Han skreiv etter Bøker og læs, so lenge han livde; men det gjekk ut med honom, so han rauk fraa Garden. Føderaadi hans rakk aldrig til. Tjostolv var fødd 1759: han døydde 1828. Han heldt ved Sengi mest heile den sidste Vetteren. Han var so myrkrædd. “Kom ut-i her de no Born”, sagde han so ofte, naar han høyrde Borni leikad seg inne um Kvelden, han laag i Koven. “Aa Gud hjelpe oss alle saman !” høyrde dei stundom han bad.

Olav B-stad laag burtpaa Sengi og læs. Daa log han. “Ja den Moses var ein god Spissbur”, sagde han fyre seg sjølv halvhøyt. Han hadde daa i Huset tvo Fekarar fraa Øyer. Dei kom til B-stad til Paaske og var der i Helgi. Det var tvo Sengjer inne; Olav hadde lagt seg burtpaa den eine, og dei laag i den andre. Det var so stilt i Stova. Dei kom i Hug dette stødt sidan.

N.B. var eingang i eit Lag; han var Skulemeestor. Daa bar det til Tals um Skulen; det var i den Tidi mest berre Religion dei for med. “Du er no vel ikkje saa dum, at du trur paa det, dei lærer Bornom ?” sagde ein av Grannarne hans. Jau, han var det. “So skal eg laana deg ei Bok, eg”, tok den andre i att. N.B. sagde, han skulde ikkje umaka seg.

Det var tvo Svenskar, som heldt Skule nord i Dalen fyre vaksne Bondegutar. Dei heitte Jung Blom og Carlstrøm. Eingong var dei paa Strande i Ringbu; men Øysten Strande vart leid dei, daa han hadde høyrt paa dei ei Stund. “Mine Born kjem aldrig i dykkar Skule“, sagde han.

Dei var Fritenkjarar. Horrebow var den største Lærar i Verdi, sagde dei; “Jesus og Fornuften” talde dei Folk trutt til aa lesa. Dei fekk mange med seg; det var eit heilt Fritenkjarbol ikring dei.

Det var heitt ei Tid; men so kolnad det av att og vart stilt.

Torstein T. spurde eingong Maren D., kvat det kom seg av, at Fritenkjarane hadde vortet so stille. “Dei vart so Fant, at dei laut slutta”, sagde ho. — Jung Blom drap seg sjølv paa Vegen heim att til Sverik, vart det sagt.

Eg heve kjent ein Mann, som høyrde til dette eldste Lagde med Fritenkjarar. Han var daa 90 Aar gamall, men kvass i Augom og minnug, og livleg som ein Mann i sine bedste Aar. Eg kom inn til han ein Morgon Kl. 8. Han laag endaa.  “Eg ligg so lengje idag, sagde han; eg laut “dra ette” igaar — det var Skurdonni — det vart so drjugt. Eg fekk ikkje gjort fraa meg fyrr ved Midnatts-Leite”. Han gadde aldri voret sjuk, so nær som eingong han kjøyrde avlaust og stangad inn i ein Grindstolpe, so Blodet rann av han. Men han vart like god att. “Det olst snart til att nytt Blod”, sagde han.

— Det var jamnan gløgge, gode Hovud paa Bygdafritenkjarom. Og dei hadde djerve, urædde Fyregangsmenner, som ikkje tenkte smaatt.

“Fritenkjarane”, seier Horrebow, “er frie Kjempor, som av si eigje Raad strider fyre Sanningi, og det er ingen, som leiger dei til det. Og naar var det, at frie Menner ikkje vart ved Vinningi”.

Men “det stod ein Stygge av dei”.

Det er eit Vers fraa den Tidi etter en Husmann i Skaabu; det er som det skulde vera uppsett, med han saa paa det Velde, Fritenkjarane hadde, og den Gjerning dei gjorde.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Skriv inn søkeord..