– i boken : “Kristenliv i Bjørgvin. Frå Selje til Sund. Eit Festskrift”. Bergen Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1952.
– fra s. 46 – 47 :
Hausten 1885 tok Ole Næstegård til som bibelbod i Askvoll og fôr inn Dalsfjorden. Her tala han i bygd etter bygd heilt til Sande, og det fylgde han ein pust av vekking der han ferdast. Fram på hausten kom han ruslande over fjellet frå Gaular og tok inn til fargar Nerland, som alle andre lekpreikarar.
Her budde frk. Selsbak, og Nerland var onkelen hennar. Ho vart seinare gift med kyrkjesongar Kvål. Frk. Selsbak tok mot Næstegård, som såg trøytt og sliten ut. Klede og sko såg heller ikkje så bra ut. Men det kunne nok Nerland koma til å få stell på, som han hadde gjort fleire gonger før. Men verre var det at mannen såg ut til å vera ein pusling som ikkje dugde til noko. Næstegård spurde etter om folk var flinke til å gå på møte her i Førde.
– Dersom det er flinke talarar, så møter folket bra opp her. Men det nyttar ikkje med kven som helst, svara frk. Selsbak.
– Ja, kven er vel dugande til dette høge yrket, sukka Næstegård og minka endå meir.
Han var ordknapp der han sat. Og ikkje syntest han å ta det alvorleg med å bu seg til møtet som han skulle ha om kvelden, endå han hadde fått seg ein god peikepinn. Og frk. Selsbak sette seg føre at den talaren ville ho ikkje gå og høyra. Det lønte seg ikkje.
Men ei stund før møtetid bad Næstegård høgt inne i stova. Det var ånd og kraft i bøna hans, som gjekk tvers gjennom kjøkenveggen, og dei omgjorde meiningane til frk. Selsbak. Ho gjorde seg ferdig og kom seg til møtet i ein fart. Og her fekk ho andre tankar om hallingdølen enn ho hadde før.
Det auka med folk på bedehuset, og ein kveld tala Næstegård over Openb. 22, 11. Lat den som gjer urett, gjera urett framleies, —- og den heilage verta helga framleies. Den kvelden braut det ut vekking.
Ein mann frå Halvbrend sa til alle han møtte : No held dei på å verta galne på bedehuset !
– Det skulle vera moro å sjå, svara Hans. Han gjekk til møtet, og der møtte han Kristus.
Frå Angedalen kom nokre karar og gjekk inn til sokneprest Jespersen i eit viktig ærend. Dei måtte få lov til å seia han at no var svermeriet i full gang i bygda.
Presten gjekk til bedehuset ein kveld, og han fekk syn for segn. Der låg Josef Vie på kne og bad brennande bøner for sokneprest Jespersen. Josef Vie var bror til leikpreikaren Anders Hjelmeland i Gaular. Då Josef Vie var ferdig med bøna, bad Næstegård presten om å tala til folket, og Jespersen tala om den sunne læra, slik som han gjorde nokre år før i Stavang, då svermeriet synte seg der.
Då presten hadde tala frå seg, steig Næstegård opp på ein benk og tala om det eine naudsynlege. Orda var sterkt åndsborne og gjekk presten til hjarta. Mange kritiserte sterkt denne vekkinga. Men res. kap. Gill i Nausdal sa at ho var sunn heilt igjennom. Denne vekkinga gjorde mange menneske frå Førde, Angedalen og Sundsdalen til varmhjarta kristne, og mange av dei vart kinamisjonsfolk.
Ein av dei var Andreas Torgersen Furebø i Angedalen. Han reiste ofte rundt i bygdene og tala for Kinamisjonen. Ein annan var Andreas Sørensen Ramstad. Han vart kjend for arbeidet sitt med å reisa eit fredsmonument på Kjølen. I Sundsdalen kom Martinus og Ola Ullebust med, og vart mellom støttene til misjonsarbeidet der.
Johan Nerland døydde 93 år gamal, høgvyrd og elska som få. Kristian Ulltang kjøpte huset hans og har butt der sidan. Han kom tidleg med i Kinamisjonen, har vore i styret, stundom nestformann eller formann heilt til han sa frå seg i 1951. Så det huset har gode kristelege tradisjonar.
Same vinteren som Næstegård var i Førde, tok han eit par turar til Flora og sjøbygdene i kring. Men mest arbeidde han i dei indre bygdene, og alle stader fylgde det han vekking og liv. Han sådde slik at det vart god grobotn for Indremisjon og Kinamisjon som begge stod for døra.