– under tittelen “Smaating um H.N. Hauge”; inntatt i tidskriftet “Syn og Segn. Norsk Tidsskrift utgjeve av Det norske Samlaget”; 1897;
– og nedskriveren av disse “Smaating”, folkelivsgranskeren Johannes Skar, kan du lese mer om her;
– også Skars beretning om Hauge på Tofte og Sel i Gudbrandsdalen i 1801 er interessant lesning :
Smaating um H. N. Hauge.
Daa Hauge tok til og heldt samlingar i Evje, var det mange som trudde han hadde det ikkje rett fyre seg, men for med rang lærdom.
Olav Torgrimson Fennefoss gjekk ein gong av og lydde paa honom. Olav var “godt lærd”, og dersom Hauge kom med noko falskt, so skulde han ikkje syta med aa leggja imot honom, sagde han.
Stova var full med folk, daa han kom inn. “Men daa eg glaapte hitigjenom flokken og gaadde honom”, fortalde Olav seinare, “daa var det som eg saag ein engel”.
Og daa Hauge tok paa og tala, var all mistru baade gløymd og burte. “Lærdomen braut honom”, og sidan var han ein trufast ven av Hauge til sin døyande dag.
Gamle Ingebjørg Senum kunde aldri gløyma Hauge, slik som ho saag honom i ei samling i Vatsenden, med ho var ung. Det var so mykje folk, at dei vandt kunde faa rom. So kom Hauge inn, og alle saag paa honom. “Skikker folket til sæde”, sagde han. Og daa var han so blid og god.