– stoffet er hentet fra en artikkel av Bjørn Austigard i Romsdalsmuseets Årbok for 1990.
(se flere bilder fra “Kyllingstua” her).
Folk og forhold på garden.
Det vil her føre for langt å gå gjennom eigedomstilhøva på garden, eigar for eigar. Materialet er omfattande og i periodar er eigedomstilhøva forholdsvis kompliserte.
Etter som vi ikkje veit kven som flytta husa ned frå Kvean tillet vi oss like godt å starte med haugianaren Lars Knutsen frå Luster som kjøpte Nørste Kylling i 1812 ( Romsdal pantereg. nr. 7, Romsdal og Voll åttingar).
Haugianar-granskaren Sigrid Svendsen har skrive ein god del om denne mannen i boka si “Kristenliv i Romsdalen 1809-1864”, Oslo 1931, og vi siterer litt frå denne (s.27-) : “På Kylling gård begynte nu et ekte haugiansk husliv. Der hersket utpreget flid og arbeidsomhet. Selv var Lars en stor ordensmann, ivrig og flink i sitt arbeide, og det samme fordret han av andre. I sine taler påla han vennene å røkte sin jordiske gjerning med størst mulig dyktighet og troskap, så de kunde være lysende eksempler for verden, både timelig og åndelig.
De første årene i Romsdalen (1809-14) var han mest optatt med gårdsbruket. Han drev også gården “overmaade dygtig”, så den blev et mønsterbruk efter den tids forhold. Hver dag samlet han alle sine folk til husandakt. Da leste han et stykke av en opbyggelsesbok eller av Bibelen, talte om det, og sang salmer. Og om han ikke i denne tid reiste omkring og holdt møter, så hadde han dog stadig søndagsopbyggelser i sitt eget hus. Da talte han slik at “det gikk dem gjennem marg og ben, og det blev til velsignelse for dem hele uken igjennem”, sier hans tjenestegutt. Inne i dagligstuen malte han over inngangsdøren navn og årstall for sig og sin kone, samt følgende vers, som skal være forfattet av ham selv :
“Naar du oplukker denne Dør, da hos dig en Betænkning gjør,
at Jesus Krist, vaar Frelser kjær, den rette dør til Livet er”.
Ved siden av døren, mellem den og gruen stod disse salmevers :
“Bær Sorg for Synden, frygt din Gud, din Tunge hold i tømme,
at du dit hele Levned ud, hans Navn kan ret berømme.
Hold dig til andres Nød og Trang, med hjælp og trøst at lindre,
Lad verden aldrig nogen Gang, fra Kjærlighed dig hindre”.
Lars Kylling var temmelig uanselig og nokså liten av vekst. Han hadde lyst hår, blå øine og et rundt fyldig, vennlig ansikt. Av vesen var han rolig og besindig. Han skal ha vært den mest begavede av Hauges venner, med en sjelden klar forstand, en sund dømmekraft og en egen evne til å prøve åndene. Og han var en ildfull og merkelig taler. Det vakte naturligvis forundring i Øverdalen at han begynte å holde samlinger på Kylling”.
Lars Kyllingen og verksemda hans er så vidt fyldig omtala av Sigrid Svendsen at vi skal ikkje ta med stort meir om dette her, men litt om familien må vi ta med. Han var først gift 1800 med ei Margrete, og med henne hadde han dotra Brit f. 1802. I 1804 gifta han seg med Anne Kathrine Pedersdtr. Holmestad, f. i Luster 1767, og med henne hadde han borna Knut f. 1807, Anne f. 1809 – mor til den kjende misjonæren og generalsekretæren, Lars Dahle – og Margrethe f. 1813.
Lars døydde i 1826, og etter vanleg skikk, skulle Knut ha tatt over garden. Men far og son gjekk ikkje godt saman. “Efter beretningene å dømme må det vel trygt sies at foreldrene ikke har forstått å ta ham på den rette måten”, skriv Sigrid Svendsen (1931, s. 38). Det ho her siktar til, men som ho nok ikkje ville ha på trykk, var den hardhendte framgangsmåten han brukte for å omvende guten til den rette trua. Han vart nemleg bunden til ein jarnkrok på fronten av peiskappa og så vart det fyra med lauvris på peisen for at han skulle kunne danne seg eit bilde av helvetets piner. Dette førde til at guten rømde heimanfrå.
Han var – og vart – ein villstyring, stor og sterk og glad i å slåss. Etter tradisjonen var han borte fleire år – mest i Gudbrandsdalen, og først i 1836 – 10 år etter faren sin død, finn vi at han gifta seg med enkja Kari Olsdtr. Sletta og slo seg så ned på Slettateigen. Når Knut døydde, veit eg ikkje, men folketeljinga for 1865 viser at Kari på nytt er enkje. Truleg var dei bamlause.
Den kroken på peiskåpa som Knut vart bunden til, sto på peisen til i 1930-åra. Frå denne kroken og bort til veggen på kvar side, gjekk det ein streng som vart nytta til å tørke vottar o.l. på, fortel Fredrik O. Kylling.
Same året som Lars Knutsen Kyllingen døydde, fekk Ole Nilsen skjøte på garden, dagsett 20.3. og tinglese 4.4. 1826. I 1851 skjøtar han garden over til sonen, Lars Olsen Kyllingen og tek samstundes av kår til seg sjølv. Panteregisteret viser at det i denne tida skjer fleire ting på eigedomssida, men etter som det ikkje knyter seg tradisjonar til huset frå denne tida, går vi ikkje nærare inn på dette her.
I 1861 kjøpte så Ole Fredriksen frå Brøste denne Kylling-garden, og etter det har same slekta site der (Om slekta kan ein lese i Henrik O. Røvig : Noen familier og ætter av Raumadalsfolket. Stavanger 1965).
Ole Fredriksen (f. 4.3.1824) hadde før gardhandelen rodd fiske i Lofoten i 9 år og tent pengar til kjøpet. Ole gifta seg med Guri Ellingsdtr. Løkra (f. 1830), og dei fekk borna
Marit f. 1863 Marit f. 1864
Fredrik Edvard f. 1867 – han tok over garden
Brit f. 1870 Elling f. 1873 Ole f. 1875.
I folketeljinga frå 1865 er det heile tre ulike hushald å finne der, dvs. at dei leigde ut rom til ein “dagarbeider” og ei enke. Sjølv var dei tre personår i familien, og så hadde dei to tenestekarar og ei tenestejente. Dei hadde 1 hest, 9 kyr/oksar 16 sauer 1 geit og ein gris. Dei sådde mest bygg, litt rug og blandkorn og litt potet.
Etter foketeljinga 1875 leigde dei ikkje ut til nokon då, men dei hadde ei tenestegut og ei budeie. Elles hadde dei i kosten ein fattiglem som var sindsvak. På dei 10 åra som var gått, hadde buskapen auka til to hestar, 11 kyr, 4 kalvar, 30 sauer og 14 geiter.
Det var Ole Fredriksen Kylling som bygde på huset rundt 1880. Han dreiv garden til 1892 – det året kona døydde. Då skjøta han garden over til sonen Fredrik f. 1867 (Fredrik Olesen Kylling).
Det var nok Fredrik som opplever dei største endringane på garden. Det var i hans tid at taket vart heva og kjøkken bygd til. Vi nemner her, berre i stikkords form kva som vidare kom : Anleggstida for Raumabanen, garden blir skyss-stasjon og rikstelefonsentralen blir montert i huset. Alt dette er ting vi skal komme attende til.
Fredrik O. Kylling (1867-1937) var gift med Marit L. Stavem (1867- 1931), og dei hadde 10 born :
Olaf (1890-1954), tok over garden
Guro (1892-1971)
Lars (1894-1983)
Alfred (1896-1988)
Bjarne (1898-1925)
Edvard Marius (1900-1981)
Borghild (1902-1979)
Marie (1904-1970)
Fredrik (1907-1974)
Gulleik (1910-1910)
I folketeljinga frå 1900 budde Marit og Fredrik og dei 6 borna som då var fødde på garden. Dei hadde ei tenestetaus for “husgjerning” og ei for “kreaturstell” til å hjelpe seg. Vidare budde ekteparet Lars Toresen og Kari Larsdtr. Brudestuen på garden. Dei hadde føderåd på garden, står det, men kvifor veit eg ikkje. Forklaringa kan vere at Lars var snekkar og på den måten hadde gjort rett for seg på ein eller annan måte.
Eldste sonen, Olaf, gifta seg med Petra Pettersdtr. Monge i 1916. Dette var i anleggstida for Raumabanen, og huset var fullt av folk, og Fredrik og Marit dreiv enno garden. Olaf og Petra flytta derfor til Brøste i 1918, til den garden der bestefar til Olaf kom frå, og tok oppatt gardsdrifta. Her vart dei fleste borna fødde :
Fredrik Edvard f. 1917 (tok seinare over på Kylling)
Petter f. 1920 Ame Gudleik f. 1923
Martha Ivarna f. 1923
Bjarne Ulrik f. 1931.
I Brøstdalen var det ikkje skole, så då Fredrik var 7 år og skulle til på skolen, budde han hos besteforeldra på Kylling. På loftet over Peisestua stod det på denne tida 4 senger. Fredrik delte seng med onkelen sin, Edvard. Dei andre sengene på dette rommet var nytta av andre ungdommar og tenestefolk.
I 1931 døydde Marit, og sonen Olaf flytta ned att frå Brøste og tok over garden etter foreldra. Olaf og Petra tok i bruk loftet over peisestua til soverom for seg og dei minste borna. Marit og Fredrik hadde hatt senga si i telefonkammerset ved sida av peisestua. Dette var praktisk på mange måtar for der var rikstelefonsentralen plassert. Telefonar nattestid kunne såleis ekspederast frå senga ! Som kårmann og enkemann hadde Fredrik eine halvdelen av rom 2 som soverom. Han døydde i 1937.
Fredrik O. Kylling gifta seg i 1941 med Astrid Slettali (1915-1950) og dei innreidde den eldste enden av huset til seg (rom 1, 2 og 9). Kjøkken-kammerset som frå påbygginga i 1908 var delt i to rom med kva si dør inn frå stua, vart gjort om til kjøkken og den eine døra vart kledd for. Om lag slik var huset innreidd då Fredrik O. Kylling flytta ut og Romsdalsmuseet starta rivinga i mars 1978.
Kyllingstua og samfunnet omkring.
Til no har vi konsentrert oss om sjølve huset og sett litt på eigedomstilhøva på garden. Dette er berre ein del av historia. I det etterfølgjande skal vi sjå litt på kor sentralt denne garden stod i både lokalsamfunnet og til tider også storsamfunnet.
Vi har alt nemnt dette med haugianarane. Når dei første ferdmennene fekk tilhald på Kylling, veit vi ikkje sikkert, men i siste halvdel av 1800- talet hadde dei i alle fall fast stopp der. Ferdmennene var gamletida sitt svar på dagens trailersjåførar. Før jarnbanen si tid vart all varetransport utført med hestekjørety både vinter og sommar. Dei profesjonelle lasskøyrarane vart kalla ferdmenn og dei gardane der desse tok inn for å kvile både hesten og seg sjølv, vart kalla ferdmannskvilan‘.
Mange av desse fermennene hadde utnamn, fortel Ole Wenge, og han nemner namn som Rikulven, Styttingen, Pavinn, Fisk-Hans, Tørrfisk-Ole, Dublian og ‘n Særdu. Ferdmennene sette inn hestane sine i stallen på garden, og det var plass til 12-15 hestar. Tilsvarande var det laga til liggeplass til køyrekarane og. Dei låg for det meste på Blåsalen (rom 19) der det var innreidd 4 store “beist” av senger, fortel Fredrik Kylling. Også andre som for gjennom bygda kunne få seng her til ein rimeleg penge.
“Lomphandlarane” var ei anna gruppe reisande som hadde tilhald på Kylling. Dei selde knappar, nåler, ty og andre småtteri som var lett å få med seg. Desse hadde som regel ikkje noko å betale med, så dei hadde tilhald på kammersloftet (rom 18 b) ved sida av Blåsalen. Dette rommet vart til dagleg kalla Slarkeloftet, og det var møblert med to store senger, ein omn og ein vaskarstol.
I 1915 fekk Kyllinggarden nye oppgåver. Då vart nemleg den tradisjonsrike skyss-stasjonen på Ormem lagt ned og flytta til Kylling. Garden fekk med dette rett og plikt til å skysse reisande til Stuguflåten eller Flatmark alt etter om dei skulle oppover eller nedover dalen. Desse skysstasjonane vart meir som pensjonat samstundes, og i Romsdalsarkivet på Romsdalsmuseet er gjesteboka for åra 1921-26 bevart. Då Raumabanen vart opna i 1924, fall mykje av behovet for skysstasjonane bort. Dvs. vinters tid hadde dei så absolutt sin misjon heilt til vinterbrøytinga var eit faktum vinteren 1936-37. Då starta nemleg Fredrik O. Kylling og farbror hans med bilbrøyting.
Til samferdselen må også rikstelefonen reknast, og som alt nemnt vart også den stasjonert i Kyllingstua. Året er noko uklårt, men Olaf Kylling (1890-1954) arbeidde med telefonlina gjennom dalen i åra 1906-7, og det må ha vore kort tid etter dette at rikstelefonen også vart installert. I Telefonkammerset var det to apparat monterte – eitt for riks- og eitt for lokalsamtalar. I dette rommet kunne dei så kople dei to telefonnetta saman slik at folk utover bygda også nådde tak i rikstelefonnettet.
I lange tider var det farsøstrene til Fredrik, Borghild og Marie, som stod for telefonsentralen, men då desse reiste ut frå heimen i 1920-åra, vart telefonsentralen flytta til Søre Kylling.
Under “Anlegget” var det folksamt i Kyllingstua. Alfred F. Kylling (f. 1896) fortalde at det i lange periodar var både 4 og 5 ulike hushald under same taket. Det var tre omnspiper i huset, og dette gjorde det mogleg å varme opp og koke mat mest kvar ein ville. I den nyaste stua (rom 8) – der det var frådelt to kammers (rom 8 a og b) – hadde ingeniøren teiknekontor ein periode.
Endå meir folksamt var det kanskje under krigen 1940-45. Under sjølve krigshandlingane kom tyskarane til Øverdalen den 2. mai (Larsen 1970, 79-). Dei tok seg til rettes over alt, og sjølv om Olaf og Petra hadde 13 personår i huset frå før, greidde tyskarane – ifølgje eigne oppgåver – å finne plass til 93 til ! Slik var det i ca 3 veker. Det låg tyskarar over alt og det var ikkje fritt for at dei forsynte seg av det garden hadde å by på, m.a. åt dei opp all hermetikken som var i kjellaren og ein del klede kom også bort. Då dei forlet garden sist i mai 1940 var det inspeksjon. Berre eit portrett av Hitler hekk att på stua. Petra Kylling reiv bildet ned og bad dei ta med seg det og, men dei berre vinka attende om at ho berre kunne behalde det – dei hadde fleire !
Det var ein heil bataljon som låg i Øverdalen desse maidagane, fortel Fredrik O. Kylling. Dei hadde oppstillingsplass på øvre jordet hans. For å få slutt på dette, spreidde han møk der. Då flytta dei til stasjonsplana på Verma stasjon.
I det siste 1 1/2 året budde det fast ein del tyskarar på Kylling. Soldatane var austtyskarar som hadde vore ved Austfronten før, og dei “var lei krigen”. Dei fleste var i 30-35 årsalderen og dei hadde store skadar alle saman. Nokre yngre austerikarar tenestegjorde der og, og dei var mykje “farlegare”.
Soldatane låg i køyer på Blåsalen (rom 19) medan eit par befalingsmenn låg på Slarkeloftet (rom 18a).
Kusksjefen heitte Schulz, og han hadde fast 4 hestar i Kyllingstallen. I tillegg hadde Olaf og Fredrik 5-9 hestar der, så det var nokså fullt. Tyskarane brukte hestane i arbeidet sitt med forskjellig undermineringsarbeid. Dei meir eller mindre “stal” furu i skogane der dei lettast kom til og skar seg materialar. På loftet der dei heldt til, tørka dei kleda sine rundt den store koksomnen, og dei fyra med koks og ved så hard at tjøra rann ut av kvistane i taket. Dette er synleg den dag i dag, og det var eit under, seier Fredrik O. Kylling, at ikkje huset brann opp i denne tida. Noko husleige fekk dei ikkje for desse gjestene.
Sjølv om landet var okkupert, måtte livet gå sin gang. Fredrik dreiv både med hestehandel og knottfabrikasjon, og i Kyllingstua vart det halde basarar slik som før okkupasjonen. Ei dramatisk hending frå ein basar kan høve som avslutning på dette avsnittet. Sjølve basaren vart halden i peisestua, og inne på telefonkammerset stod ein grammofon der barn og unge høyrde på plater samstundes som dei spela kurong. På loftet over budde som sagt eit par befalingsmenn. Det var langt på natt, og ein av karane på Slarkeloftet var full, men heldt likevel på og pussa coltpistolen (11,25) sin. Ved eit mistak gjekk eit skot av. Den store kula gjekk rett gjennom golvet og ned i telefonkammerset og inn bufeten der grammofonen stod. Heldigvis bøygde han som var nærast grammofonen seg framover kurongbrettet då det small, og på den måten vart ei katastrofe unngått. Det vart heilt stilt på loftet i frykt for kva som kunne ha hendt. Det vart heldigvis med skrekken. Befalingsmannen som hadde gjort dette, kom morgonen etter til fjøset og bad om orsaking.
Den romslege Kyllingstua har, som vi har sett, hatt mange funksjonar gjennom tidene, og for å gjere bildet endå meir komplett må vi ta med at i Blåsalen (rom 19) vart det halde folkeskole. Fredrik gjekk på Framhaldsskolen der i 1933, medan onkelen hans, Alfred (f. 1896), hadde undervisning i stua under (rom 8) vinteren 1912-13. Læraren hans budde då i eine kammerset (8 b) ved sidan av stua. Fleire lærarar budde der seinare.
I denne stua har det elles vore forretning 5 gonger. Eit innkjøpslag frå Øverdalen var dei første. Laget kjøpte inn sirup, brennevin, kom o.l., og desse varene delte dei så på seg. Landmannslaget hadde utsal her, ein Aandal med kone og eitt barn dreiv handel ei stund, bjønnaskyttaren Johan Alnæs hadde forretning der og til sist Bjarne F. Kylling som heldt på nokre år etter at anleggstida var over.
Då Øverdalen kapell stod ferdig i 1902 måtte nokon hyse presten på tenestereisene hans. Også denne oppgåva vart lagt til Kylling og det inste kammerset nede (rom 8 a) var det eigentlege “prestekammerset”. Men under anleggstida måtte prost Hatlemark også ta til takke med Slarkeloftet (rom 18a) !
Også lensmannen la kontordagane i Øverdalen til Kylling. For enden på stuebordet i peisestua (nærast det store skapet) sat han og kravde inn skattar og avgifter slik han var pålagd. I peisestua sat også vitne, inhabile o.l. når det var rettssaker i “nøre stauen” (Nystua), for også denslags møte var lagt til Kylling. Vidare må vi ta med at doktoren hadde fast kontordag i “søre stauen” (Gamlestua). Det same var tilfelle med tannlegen. Båe desse heldt til her fram til 1940.
Som vi har sett, stod stuebygninga på Nørste Kylling sentralt til i bygda. Utviklinga gjorde at huset vart for sentralt og måtte vekk. No er det gjenreist på Romsdalsmuseet og står dermed klart for nye oppgåver – til inspirasjon, nytte og hygge for kommande slekter.