stortingsmann ole halvorsen mjelva : presentert av ivar eikrem

–  Aukra 1986.

se forsiden :

Ole Halvorsen Mjelva må ikke forveksles med Ole Andersen Mjelva, født i Grytten i 1774; etter noen år borte fra foreldregården, kom han tilbake til Grytten, men solgte farsgården omkring 1812 til de kjente haugianerne Daniel Arnesen og Halvor Ophus, begge opprinnelig utenbygds fra. Denne siste fikk i 1801 sønnen Ole, som dermed også bar slektsnavnet Mjelva, etter gården han etterhvert vokste opp på. Det er denne Ole Mjelva som Ivar Eikrem her nedenfor skriver om;

FORORD.

I dette vesle skriftet har eg prøvd å hente fram noko av den svært interessante historia frå Bud for 150 år sidan. Mest har eg vore ute etter å få tak i soga til og hendingane om Ole Halvorsen Mjelva, Stortingsmann for Romsdals Amt i 1836.

I lang tid hadde eg berre ryktevis høyrt om denne mannen, men ingen av dei eg spurte kunne fortelje meg noko som eg kunne feste lit til. Eg sette meg difor føre å få tak i kjeldene som kunne gje svar på den verkelege historia om mannen.

Det er resultata av desse granskingar av ymse dokumenter, ved sida av eigne vurderingar, eg har forsøkt feste til dette vesle skriftet.

 

Ole Halvorsen – Mjelva

Mjelva, Ole Halvorsen, født i Grytten 1801, son til Halvor Olsen (Halvorsen) Ophus. Han var vald som 3. representant frå Romsdals Amt i 1836, til det overordentlige Storting i 1836 og 1837. Han var medlem av Budsjettnemnda (Finanskommiteen).

I Tallak Lindstøyls bok – «Stortinget og Statsrådet 1814 – 1914», er stortingsmann Ole Halvorsen Mjelva nemnd berre med nokre få liner – som på langt nær gjev oss noko klårt bilete av, eller biografi om, mannen.

Der står m.a. : – «Ved prosesser og uheldige spekulasjoner, måtte han selge Mjelva og flytte til Bud i 1841, forsvant i 1842, var reist ut på en fisketur. Efter sigende skulde han ha rømt til Tyskland for at komme seg fra sine gjeldsforpliktelsar. Det er sagt at det gjekk ut med han på Mjelva, men flytta til Bud først i 1841. Det ser ut til at det var det reine taktiske uhellet han kom ut for, at han gjorde ei reise til Stockholm, etter at Stortinget var oppløyst «for at søge kongen om et lån på 3000 spd».

Det er m. a. handsaminga av denne saka i Odelstinget eg har skaffa meg kopi av. Og ved gjennomlesing av hans innlegg, eller forsvarstale, sit i alle høve eg att med det inntrykk, at Ole Halvorsen må ha vore ein mykje intelligent mann. I vårt den gong unge demokrati, var nok ikkje slik open «Lobbyverksemd», og direkte pågang i dei ymse departement kjent og akseptert i den form me kjenner dei frå Stortingskorridorane i våre dagar.

Ole Halvorsen har nok og vore heller «hardt oppe» på denne tid.

 

Halvor Halvorsen (Olsen) Ophus.

Han var far til Ole, født på Ophus i Storelvdalen i 1772, son til Halvar Torgersen og Margrete Jensdatter. Halvard vart utdanna som»farver og væver» ved «Enigheds Fabrique» på Ophus, oppretta av eit «Patriotisk Selskab». Han kom til Trondheim til fargermester Westergård, og tok svennebrev i 1796. Han reiste til Steinkjær i 1797 og som fargar på ein plass under Trana, busette han seg på Dyrstad i Egge år 1800.

Etter dette kjøpte han Nes i Grytten i 1805 og sidan Mjelva, og dreiv alle stader sitt handverk. Han var ein av Hans Nilsen (Hauge) sine «vener». Han døydde på Mjelva i 1852. Han var gift med Berit Halvorsdatter Vestgård, truleg frå Vestgård i Storelvdal. Halvor Halvorsen var 4. representant frå Romsdals Amt på Stortinget i 1816. Han var medlem av Budsjettnemnda.

Eg har ofte undra meg over kor mykje av den skrivne historia er sann historie. Mange historieskrivarar vil nok rygge tilbake over at nokon vågar å stille eit slikt spørsmål. Likevel trur eg, med nokså stor rett, det er grunn for spørsmålet.

Etter den vidgjetne Watergate-skandalen i Amerika, hadde ein av dei mest kjente journalistane der eit intervju med den avgåtte prosident Nixon. Han vart tilslutt spurt : «Er du ikkje redd for historia sin dom ?»  Nixon svara : «Det kjem an på kven som skriv historia».

Det er slik me veit skrive ei mengd med historie om folk og miljø frå bygd og by. Og gjennom eit langt liv har eg hatt høve til å gjennomgå ein god del av dette stoffet. Det er særleg det som gjekk føre seg i vår nære fortid, i det 18.og 19 hundreåret.  – Kven skreiv – og kven var skriveføre – og kva var desse interesserte i å skrive om ?

Utover i landet finn me nok for det meste berre prestestanden som har vore meistrar for det som har vore skrive. I byane var det andre skriveføre embetsmenn, og det er vel hjå desse ein ofte kan finne det beste korrektiv til mangt rart som ein kan finne i ymse skriftlege kjelder utover i landet.

I denne samanheng vil eg nemne lova som kyrkje og presteskap fekk gjennomført i 1741, lova som seinare vart kalla «Konventikkelplakaten«, og dei bruka denne til å halde på og styrke makta si andsynes ålmugen – både åndeleg og økonomisk. Me skal villig innrømme at det ikkje var så heilt lett for prestar eller andre embetsmenn å få endane til å møtast gjennom heile 1700-talet, men det som er så vanskeleg å forstå og godta er den kyniske måten, som ofte vart bruka til å skaffe seg dekning for dei dårlege tider ved stadig å legge større tyngsler på dei som frå før hadde det fattigsleg og tungt. Det ser mest ut til at alt som kunne utnyttast, vart utnytta – som til dømes bøtelegging for ikkje å møte i kyrkja utan gyldig fråversgrunn.

Det kan stundom vere grunn til å minnast den makt som presteskapet faktisk fekk og utnytta over ålmugen med Konventikkelplakaten.

Historia etter 1814 er nok ikkje historia om eit fritt norsk folk, eller om vilkåra til den store arbeidande ålmugen, men det er historia om nokre av dei mest konservative elementa i embetsverket – og deira trugne lakeiar av embetsmenn – les presteskapet, utover landet. Framleis vert me gjort kjent med deira historie, ikkje minst i dei mange 17.mai-talar. Det er heller lite som vert gjort kjent med om «Det levande Livet» slik det ovra seg, grunntonen i den vaknande norske nasjonen.

Ettersom det for meg synest vere uråd å gjere seg opp nokor «sann» meining om fortida, i alle høve når det gjeld lokalhistoria, utan den delen som lite eller inkje er teke med i historie­bøkene, vert drege fram og knytt til den alt skrivne, vil eg derfor fram i ljoset med «Haugianar-rørsla»  og presteskap og andre embetsmenn sin motstand mot den gjennom meir enn hundre år.  Ein interessant lekk i denne historia er nettopp denne Mjelva-saka frå 1836.

 

Haugianarrørsla og tidlegare protesthaldningar mot kyrkja og presteskapen.

Sameining av kristen forkynning, og arbeid for forbetring av dei matrielle og sosiale kår for dei veikaste i samfunnet, er vel det programmet som ein vel helst kan feste til Haugianerrørsla – og som endå idag avtvinger os alle vår djupaste respekt.

1741 fekk dei så sett ein endeleg stoppar for denne protesthaldninga ved at kongen av Danmark og Norge sanksjonerte lova som er vorte kalla «Konventikkel-plakaten», og som forbaud lekfolk å kome saman og halde religiøse møter, m. a.

– Denne lova sto ved lag i eitt hundre år før den vart oppheva. Idealistar – politiske og religiøse – måtte i heile dette hundreåret finne på mange slags årsaker og påskot til å kunne møtast. Mest kjent er nok denne Haugianarrørsla frå denne tid-bolken.

– Når Hans Nilsen Hauge reiste landet rundt og kobla saman religiøs forkynning med å lære folket å bygge opp små nærings-verksemder, begge store idear han brann for, vart det på eit vis kamuflert med denne form for «distriktsutbygging».

Haugerørsla var nok korkje den første eller den einaste av dette slaget, men Hauge var den som førte slaget mot presteskapet fram til siger.  Også mot embetsmennene vann han fram. Ein skal for ordens skuld medgi, at trass i forfylgjing og fengsling av Hauge gjennom mange år, så vart det nok etterkvart også fleire av prestane og embetsmennene som såg gjennom fingrane med forkynnerverksemda til Hauge. Sterkaste verksemda hans fall saman med tida rundt 1800-talet, og samstundes som Napoleons-krigen herja som verst. Krakket i økonomien som fylgde – naudår og avlingsvikt i år som kom etter m.v. –  vart Hauge sin store innsats til å reise rundt i landet og lære folk til å nytte ut muligheiter som fanst.

Den religiøse forkynninga som han fekk høve til på desse ferdene sine, gjekk mykje ut på å få folk til å leve på eit anna vis enn før. Han tala mot drukkenskap og sedløyse, og at folk måtte halde saman og hjelpe kvarandre, slik Bibelen lærer.

Grunnlova me fekk i 1814, som ga full fridom for folket på så mange vis, også i religiøse spørsmål, burde ha til fylgje at konventikkel-plakaten automatisk vart oppheva. Men prestane kunne faktisk «sole seg» under denne lov heilt fram til 1842 før den vart oppheva. Dette kom seg nok av, at trass i det var hjemla i Grunnlova, at det skulle vere 2/3 av stortingsrepresentantane frå landet og 1/3 frå byane, vart likevel tyngda av representantane embetsmenn – heilt fram til kring 1860-åra.

– Det ser ut til at det var frå denne «Haugianergruppa» dei første land-representantane, bonderepresentantane, vart rekruttert frå den første tida etter 1814.

Her i Romsdal kom altså haugianaren Halvor Olsen Ophus – eller Mjelva – inn på tinget alt i 1816. Sonen Ole Halvorsen Mjelva (som seinare flytta til Bud), vart vald som 3. representant frå Romsdals Amt i 1836. Det synest vere først kring midten av 1800-talet, at prestar, såvel som andre embetsmenn, tok til å forstå krafta som låg i denne folkereisinga – som ikkje minst var Haugerørsla å takke for.

Ettersom det nærma seg 1850-åra, tok derfor prest og kyrkje til å «blande» seg meir med haugianarane, og tok og etterkvart over leiinga. Og pietisma voks fram samstundes som ei meir frilyndt rørsle gjorde seg meir synleg – bygd meir over Grundtvigs filosofi, eller ideologi – og ein åndskamp mellom desse voks fram.

Men på denne tid tok også arbeidarrørsla til å reise hovudet. Me kan tenkje på Marcus Trane og Traniterrørsla. I kampen mot denne veit me at såvel presteskapet som andre embetsmenn meldte seg på med full tyngd.

Det er denne stille og varsame striden som haugianarane førte, som eg synest historieskrivarane har gløymt.og nok helst vil gløyme.  I den første tida etter 1814, var det nok helst haugianarar – eller rike odelsbønder utanom embetsmenn – som vart valde inn på Stortinget frå landdistrikta. Det tok nokså lang tid før dei fåe verkelege landrepresentantar vann fram med nokon av sine saker. Og det synest tydeleg at det var embetsmannsgruppa som hadde all makt i styringsskipnaden – ikkje berre til parlamentarismen si tid i 1884 men heilt fram til 1905.

Det er forståeleg at historia avspeglar dette embetsmannsamfunnet. Det ein finn skrive om ein haugianar som Ole Halvorsen Mjelva, stortingsmann frå Romsdal i 1836, syner «gehalten» i denne konservative forsamling frå denne tid.   Jfr. «Morgenbladet» og «Den Coonstitutionelle» frå august 1836.

Bortsett frå at den kanskje største del av det «vanlege» folk utover landet var positivt innstilt til Haugerørsla, skal me ikkje vere blind for at det var einskilde menn frå forretningsstanden som både sympatiserte og støtta rørsla. Men slik både prestar og andre embetsmenn vakta på sine spesielle maktområde, skjønar ein lett at dei for heller varleg fram.

Eg er klår over at eg i denne undersøkinga ikkje først og fremst har vore ute etter «å ta med silkehanskar» på kyrkje og presteskap, men eg trur at det må til om me skal kunne nærme oss noko av den «sanne» historia frå denne tidsbolken. Så seint som i Åsmund Olavson Vinje si tid, let han i diktet «Storegut» faren seie til sonen som «gjekk for presten» : «Kast boki, min gut, og gjev presten ein sau, så slepp du frå all denne lærdom». Pengegiren til presteskapet avspeglast vel og i dette.

Loven av 1741 (Konventikkelplakaten) vart sikkert eit reidskap som vart nytta av prestane i over hundre år. Etter 1814 – og me fekk grunnlova – har det likevel vorte meir vanskeleg å bruke plakaten mot Haugianarane, og maktkampen har, i dei næraste åra etter, teke meir form av «mobbing» og «sjikane». Og ein av dei som kom mest ut for denne mobbinga var nettopp stortingsmann Mjelva i Bud.

Han kolvsiglde og drukna i 1842 på fjorden vest for Bud. På Romsdalskysten, også i Bud, var kolvsigling og drukning så å seie daglegdags, Men også ei slik hending synest å ha vore for godt for denne mannen.  Utan det minste prov, kom det ut eit rykte om at han skulle ha kome seg ombord i ei tysk skute og «rømt landet» for skuld økonomiske vanskar. Nokon rik mann i pengevegen har nok ikkje Ole Halvorsen vore. Når skiftet etter han synte underbalanse, så kom det av at han hadde ein obligasjon på 1000 spd. som han måtte svare for etter tap på forretningsverksemda på Mjelva i Grytten. Av skiftet går det elles fram at eigaren av Viken i Bud, Michael Vidth, møtte personleg og sa seg villig til å vere formynder (verge) for enka og dei umyndige barna.

Den store «Mansonigarden» ga husrom for Mjelvafamilien, og det var vel her på ein måte det andre «kultursentret» hadde vakse fram – frå tollinspektør Mansonius og kona, født Width, si tid. Ho var truleg søster til Henning Width i Kristiansund, og såleis faster til Michael Width.

Den nye soknepresten som kom til Bud i 1836, var Ole Jonasen Frost. Han var son til soknepresten i Grytten – Jonas Frost. Han kom til Bud samstundes med at Ole Halvorsen vart valgt til stortingsmann.

riddersalen, bud1Ole Frost var født i 1805,og var soleis berre 4 år yngre enn kameraten Ole Halvorsen, og dei var såleis oppvaksne ilag inne i Grytten.

– At begge var sterkt opptekne av dette haugianarmiljøet dei var vakse opp i, må me ha rett til å tru. Begge har nok sett på det å busette seg i Bud, som noko av eit missionskall. – Det hadde nok frettast langt utover, at såvel prestar som miljøet elles rundt «Riddarsalen» ikkje hadde det beste rykte.

Det kan vel heller ikkje vere tvil om anna, enn at det ikkje har vore så reint få i Bud som nettopp ynskte desse haugianarane velkomne. Ingen ting finn eg skrive om dette tidlegare. Arne Magerøy har skreve om Bud og Riddarsalen, men han har nok vore så sterkt bunden av slektskapet med Høyem-ætta som hadde vore rådande der, at eg finn grunn til å sette eit stort spørsmålsteikn når det gjeld objektiviteten.

Den store snunaden ser ut til å ha kome til miljøet i Bud først etter at Michael Width i 1839 kjøpte og tok over handelsstaden Viken «og andre tilliggende eiendommer». Han hadde nok og tydeleg vore påverka av haugianarane, og var nok den som sjølv om han hadde budd i Molde, hadde «trekt i trådane» for å få Frost og Halvorsen til å flytte til Bud.  – Michael Width vart i lang tid omtala med den største respekt av dei gamle eg har kjent. – «Width-kommen» er enno omtala, og finst i mange heimar.

Ikkje alt eg har skrive framanfor, har eg skriftlege kjelder å vise til, men vonar det vil gå fram av det som er skrive kva som kan dokumenterast, og kva eg elles har måtta slutte meg til som ein logisk konsekvens av materialet eg har hatt til rådvelde. Det synest for meg slik, at «når alt kjem til alt», vert det kanskje i den uskrevne historia me har von om å finne den sannaste historia.

Arne Magerøy har i si bok om Høyem-ætta hatt visse vanskar med å finne fram til kva side av Haugianarrørsla Høyem tilhøyrde. Det synest for meg at han ikkje har vore så svært heldig, eller at det har lukkast så vel å plassere han på haugianarsida. Kjenner me presten Høyem rett, så var nok hans sympatiar å finne på den sida der det til kvar tid såg ut til å løne seg best økonomisk.

Aukrapresten Høyem, hadde forutan dotra Ingeborg Bae, også sønene Isak i Viken og Andreas som kom til Tungehaugen. Andreas var født i 1806.

Magerøy skriv at han var gift med datter til prokurator Sanne på Molde. Det er grunn til å tvile på om det er rett. I 1831 vart han gift med Anne Marie Syversdatter. Faren var Syvert Jacobsen frå Sunde og mor hennar var født Width, truleg ei søster til Width-brørne i Molde. – Andreas Høyem døydde på Tungehaugen før kona som var fruktsommeleg, hadde født barnet. På skiftesamlinga gjorde derfor lærar og klokker Jacob Larsen Sunde krav som værge for enka at skifte var utsett til ho hadde født barnet. Dette vart innvilga, og i «tidens fylde» fødde ho eit gutebarn som fekk namnet Anders Severin Høyem. I skiftet som kom vart både Sætergarden der Jens Schive Høyem budde og Tungehaugen gjort opp samstundes. Begge stader var pantsett til brødrene Lorck i Trondheim. Begge stader vart konkurs. Far til Anne Marie, Syvert Jacobsen, fekk skjøte på Tungehaugen i 1837.

Jacob Madsen Sæter skjøta Tungehaugen i slutten av 1840-åra. Og Jens Schive Høyem reiste med familien til Bergen i 1835.

Frå handsaminga i Stortinget i 1836 som eg har omtala foran, skal eg nedanfor resymere i meir samanheng :

Soga om stortingsmannen frå Romsdal, busett i Bud, som eg lenge har vore så interessert i å hente fram frå kjeldene.

Ved velvillig assistanse frå riksbibliotekar Munthe, har det lukkast å rekonstruere historia utifrå dei gamle Stortingsforhandlinger og Odelstingsforhandlinger som vedkjem denne saka.

I boka «Det Norske Storting Gjennem 150 år«, bind I – 1964, finn me eit lite avsnitt om «Mjelvasaken» i Stortinget 1836 :

«ved fullmagtsprøvingen på det overordentlige Storting samme høst stod Stortinget som i 1820- årene på ny i alarmberedskap overfor kongelig infiltrasjon i representasjonen, og det vakte ikke liten opmerksomhet da Christianiapressen gjengav et rykte som byfogd Vogt fra Moss hadde gjort Stortinget opmerksom på. Det gikk ut på at Mjelva etter stortingsoppløsningen hadde begitt seg til Stockholm der han hadde henvendt seg både til kongen og til de norske embetsmenn og søkt om lån på 3000 spd. Det ble videre insinuert at Mjelva skulle ha latt falle uttalelser om at dersom lånet ble innvilget, ville han bli en føyelig tingmann. Stortinget tok meget alvorlig på saken. Den ble sendt til Odelstinget og derfra til Protokollkomiteen, og ryktene svirret om riksrettstiltale mot Mjelva.

Protokollkomiteen fant det bevist at Mjelva hadde henvendt seg til kongen med begjering om lån, men lot det stå åpent om at han hadde erklært at han var til salgs. Den fant imidlertid ikke grunn til å reise tiltale mot Mjelva – «hvor meget man end måtte beklage, at en representant kunde forglemme sine plikter, som simpel anstendighetsfølelse pålagde ham».

Mjelva beholdt sin plass, men mange bondetingmenn vred hendene i fortvilelse over miseren. «Jeg har nesten begynt å tro at han har taget sagen så nær, at han har tabt endeel av sin fatning», skrev Ingebrigt Sæter hjem til broren den 16. oktober 1836. «Dog utfaldet er endu usikkert, og man fåer således håbe det beste. Dette må du ikke fortelle således at bondestandens forfølgere får dette at vide».

Det var «MORGENBLADET» som den 11. august 1836 først var ute med ein artikkel, og let ålmenta få viten om saka på denne måten :

«Det har været påstået at der i enkelte distrikter stundom skal vere valgt til Stortingsrepresentanter folk hvis stilling og forfatning man ønskede at ophjælpe. Dette har måske oftere været tilfelle ved de første Storting; men dog må det antages at slige hensyn endnu, skjønt sjeldnere, komme i betraktning. Således sagdes der at en af hovedgrundene til at Torger Næss valgtes fra nordre Bergenhus Amt i 1833, var at det havde brændt for ham. En av de mindre oplyste bønder på dette Storting – Ole Halvorsen Mjelva, frå Romsdalen – siges at være valgt for endeel af sådant hensyn til hans økonomiske forfatning. Dette rykte vinder tiltro ved den efterretning, at Mjelva efter Stortingets oppløsning skal være reist til Stockholm for at låne af hans Majestæt Kongen først 3000 Spd. og siden 800 Spd. uden at han dog, som rimeligt var, fik nogen af delene.

Tilsist måtte norske Embedsmænd i Stockholm forstrække ham med reisepenge, mod at erholde dem tilbage ved dekort i hans tilkommende som Stortingsmand, efter hvad nogen sige, mens andre vilde vide at hs. Maj. Kongen med sedvanlig generøsitet skal have foræret ham reisepenge.

Vi kjende intet andet middel mod sådant uvæsen, imod slige hensyn ved valgene, end Offendtligheden. For dem som formedelst slige enkelte irregulariteter ville fordømme vårt valgvæsen og vor representasjonsmåde i det hele, bør vi dog bemerke, at det ved ethvert gode klæber enkelte ufuldkommenheder, hvilke ikke bør begrunde vor Dom om det hele».

Dette var Morgenbladet sin kommentar. Men dagen etter, den 12. august, har «Den Constitutionelle» sin versjon av denne saka : «Morgenbladet fra igår indeholder følgende : – Stortingsmand O.H. Mjelva skal efter Stortingets Oppløsning være reist til Stockholm for at låne af h. Maj. Kongen først 3000 Spd. og siden 800 Spd. uden at han dog som rimeligt var, fik nogen af delene. Tilsist måtte norske Embedsmænd i Stockholm forstække ham med reisepenge, mod at erholde dem tilbage ved dekort i hans tilkommende som Stortingsmand, efter hvad nogle side, imedens andre vil vide, at Hs.Maj. Kongen med sædvanlig generøsitet have foræret ham reisepenge. Hvad Morgenbladet her beretter er også kommet os for øre. Likesom imidlertid Morgenbladets beretning er avfatted i halvt tvilende uttrykk, således have vi heller ikke ville fæste full tillid til hvad vi have hørt.

Vi have ikke kunnet tro, at nogen hvem medborgeres valg kaldte til et Hverv, skulle ville stille sig i et aldeles privat afhængighedsforhold til den excecutive magts representant, et forhold, der i alle fald lettelig vilde, såfremt ikke tilliden til vedkommende moralske kraft var des større, kunde sette hans uafhengighed som folkerepresentant i et misstenkelig lys. Vi kunde så meget mindre troe, at Hr. Mjelva vilde bequemme sig hertil, som H. Mjelva altid stod forrest i Oppositionens Rækker, endog i den grad, efter at han, efter hvad vi fra en pålidelig kilde have ladet os berette, i Budgett-terminen ytrede sig på det sterkeste imod Bevilgningene til Slottsanlægget. Vi håbe således at den ærede representant fra Romsdal Amt ikke vil undlade snarest muligt at beriktige beretningen, som nødvendigvis måe stille ham i et mindre gunstig lys for Nationen, der måtte kun agte det for lidet stemmende med sin Ære, at træffe sine representanter med Tiggerposen på Ryggen mellem Christiania og Stockholm«.

Heilt fram til først i 1950-åra hadde me i Grunnlova ein paragraf som vart kalla «Bondeparagrafen», den skulle tene til å halde embetsmenn og byane nede på ein tredel av Stortingsrepresentantene. Ein lei strid følgde Stortinget langt fram gjennom tida, men det kan vere liten tvil om at denne grunnlovsheimelen var den «surdeigen» som kveikte folkeviljen – for demokratiet og mot «embetsveldet» – når det mest trongst.

På den andre sida, dei som hadde posisjonane og på eit vis såg på kongemakta sin trong til «infiltrasjon» – og makt over Stortinget.

Det er vel noko av denne spenninga me finn att i, og som er ein undertone i «Mjelvasaka». Me skal hugse at det er gått berre eit par ti-år etter grunnloven og etter det første Storting, og noko av det me kan legge merke til, er det sterke vakthald om representantane sin «uavhengighet», personleg binding til interessefelt som kunne påverke ei objektiv sakshandsaming. Slik det kan synast idag må nok uavhengighetskravet vore tøygt nokså langt i denne «Mjelvasaka».

At dei to avisene som først offentliggjorde saka var «embetsgruppens» organ , skal vere velkjendt.

Om ikkje Ole Halvorsen vart frådømt fullmakta til Stortinget, så fekk han i alle høve «gå gjennom» ein heller hard kritikk i Odelstinget for «uverdig framferd».

Det er denne nedverdigande haldninga frå «embetsmannsgruppa» i Stortinget, – denne «ovanfrå ned haldning», til «den simple bonderepresentant» – som heller ikkje vår samtid bør la vere å minnast.

– Det er m. a. av den grunn ein har funne det rett å referere frå «Mjelvasaka» i Odelstinget i oktober 1836.

Dermed får ein også eit betre tak i kva såvel «Morgenbladet» som «Den Constitutionelle» var ute etter : – «Den simple uvitande bonderepresentanten» – som ikkje forsto kva vanleg «Ansteendighed» kravde.

Ein kan heller ikkje la vere å undre seg over at ein historikar som Tallak Lindstøl – i sin «vita» om Ole Halvorsen – utan vidare har teke med i sin korte biografi reine slarvehistoria om at han skulle ha rømt frå landet på ei tysk skute,  noko det ikkje finst grunnlag for.

Og i «Stortingets Historie gjennom 150 år», har historieforfattaren – i 1964 – ikkje funne nokon grunn til å tvile på framstillinga frå tidlegare historieskrivarar. I arveskiftet etterpå er det ikkje noko som tyder på det er noko hald i det som er sagt at  «Efter sigende skal han ha rømt for å komme fra sine gjeldsforpligtelser». (Sjå elles merknad om dette tidlegare).

Mjelva – Ophus

Me er idag komne fram til 7. og 8. ættleden etter stortingsmann Ole Halvorsen. Han vedgjekk sjøl i Odelstinget at det var taktisk uklokt å gjere den omtalte reisa til Stockholm i 1836.

Men Odelstinget fann ingen grunn til anna enn å legge saka vekk. Som fri for å ha gjort noko som kunne skade landet vart klaga avvist, og Mjelva hadde sin plass i Stortinget med sete i Finanskommiteen både i 1836 og 1837 (det var stortingsamling vanleg berre tredjekvart år i denne tida).

For etterslekta bør det vere både eit stolt og kjærleg minne – å minnast stamfaren Ole Halvorsen. Eit tidsskifte vart det for Bud – etter at han, sokneprest Frost og forretningsmannen Michael H. Width kom til Bud.

 

Ole Halvorsen Mjelva i Odelstinget 1836.

Mjelva seier i sin «forsvarstale» til Odelstinget, at alle må skjøne kva inntrykk det må ha gjort på han desse skuldingane som er reist mot han som stortingsmann – «der endog have foranlediget spørgsmål om sæde på det nu forsamlede Storting» – og han seier vidare, at han «har havt all min fatning fornøden, forat kunde bære vekten af en sådan misskjendelse».

Det er for å kunne slå attende heile dette «Usandfærdige Rykte», som er sett ut for å skade han, at han har bestemt seg for ei «sannfærdig og uforbeholden fremstilling av det passerede, at redde det rygte som et helt foregående liv håbes at have begrundet blandt de som kjende mig, og ikke af fiendtlig hu vil see alt i et slet lys».

Han er ikkje nådig mot Byfogd Vogth, «hvis hensigt må have været at fremsette ubeviste og ubevislige rykter» mot ham. Han gjer vidare til eit hovudpoeng, at byfogdens klage krev at Mjelva skal føre prov for si uskuld i rykta som er framsett, istadenfor at «Bevisbyrden» som vanleg skal ligge på anklagaren. «Men for ei at stå brendemerket og drage en ufortjent skjændsel, må jeg fortelle private begivenheder, der i samme grad er denne sak uvedkommende, som de er mig alene vedkommende» .

«Eg hadde ærende til Stockholm, og det har so mange hatt, utan at dei har funne at nokon hadde rett til å spørje om kva dei gjorde der. Minst av alle Norges Storting, Men når det galt meg so vart det spurt og eg kunne ha rett til å svare, at eg var ikkje svar skuldig, og forlange at den eller dei som hadde klaga, sto fram med prov. Men slik vil eg ikkje svare.

– «Jeg vil adsplitte dette væv, dette usandfærdige opspind».

– Her fortel han om ein svoger på Veblungsnes, som hadde, til den norske regjering i Kristiania, sendt inn ein søknad om landhandlerbevilling, «lik den A.Fladmark tidligere havde». Det hadde drege ut med å få svar på søknaden «og fandt derfor at det ikke kunde være overflødigt at henvende seg til høyere steder, og en eller anden embetsmand som var tilstede ved Hs.Mayestæt i Stockholm».

Ein annan grunn var at han i lang tid hadde ønskt å kunne gjere ei reise til Sverige, var at han sjøl var eigar av ein hue- og strømpefabrikk, «rigtignok i det små» – hadde hatt ønskje om å sjå slike fabrikkar i Sverige, «hvor jeg visste de var så meget fuldkomnere» – for om mulig å kunne utvide og forandre denne.

– Han fortel at han av den grunn tidlegare hadde tenkt å ta ein tur til Gøteborg, og hadde endå skaffa seg pass med tanke på det. «Imidlertid gik denne plan ved mellemkommende omstendigheder overstyr (kongen oppløyste Stortinget), og jeg forlod Kristiania med beslutning om at reise hjem».

Men han stansa hjå slekta på Hedemarken, og det var eit tilfelle som gjorde at heimreisa vart endra. – Eit dødsfall av ein nær slektning gjorde at kona ønskte å vere på Hedemarken «nogen tid» – og då vart det at tanken om ein Sverige-tur igjen vart vekt. Og av den grunn nytta han høve til denne Stockholmturen – som ga høve til så «mange usannfærdige rykter og beskyldninger».

Både med omsyn til å få igang denne handelen, som eit «kongelig rescript av 1743 havde hjemlet indvånere av Veblungsneset rett til handel med grove varer, hvilken jeg med nogenlunde kapital kunde gjøre fordelagtig brug af» – kom han til Stockholm. Han var kjend med kongens velvilje når han trudde på «gavnlig virksomhed» . – Han var vidare kjendt med at våre eigne offentlege låneinnretninger vanskelig kunne gje lån, så han var bestemt på å søkje «Hs.Mayestæt om et lån på 3000 Spd. – mot lovlige renter og 1. pr. i min eiendom, og Hs.May. var så nådig at lade mig håbe denne ansøgning indvilget allerede næste år. Hr. stadssekretær Due som var tilstede, vil kunne bevidne dette».

Han vedkjenner seg og at han søkte om 400 Spd som «forhånden værende pekuniære omstændigheder og forhold, gjorde mig trængende». Men ettersom han hadde fastsett heimreisa, vart det ikkje tid til å få vite korleis det var gått med denne søknaden.

«See dette er alt det som haver passeret, og hvad slags prædikat man også vil give det, nogen brøde kan det dog visseligen ikke blive. Efter følgerne – og efter dem vil jo mennesker dømme, skjønt med urett, enhver handling – må jeg nu (an)see min for at være ubetenksom og mindre klog. – Men i sannhed jeg havde ennu ikke dyrt kjøpt den lærdom, at alt kan ved en slet og skjæv fremstilling blive slet».

Stortingsmann Mjelva går grundig fram, og punkt for punkt syner han attende alle skuldingane i klaga som byfogd Vogth har framført mot han. Og han sluttar slik : «Skulde mod all formodning denne tildels smertelige anatomie af mit privatliv, ikke være tilfredsstillende for de hæderlige mænd, mellem hvilke jeg skulde tage sæde, – da haver jeg kun en bøn, og den tror jeg at have rettferdig krav på at se opfylde, at man uden humanitetsfølelsens sårende debatter vil overlade sagen til rette dommeres kjendelse».

Me merkjer oss at Ole Halvorsen seier han har bestemt seg for å gje «en uforbeholden og sannfærdig» framstilling for å redde det rykte – «som et helt foregående liv håbes at have begrundet» – for dei som kjende han. Og kven var så desse kjenningane han sikta til ? – Jau, det var m.a. først og fremst dei folka i Romsdal han hadde kome i samband med, og hjelpt i si verksemd som prokurator – og fått ry for.

Det var nok heller ikkje utan grunn at dei 122 fiskarar og bønder frå Aukra, Sandøy og Haram som var dømde i den såkalla «Strysaka» som først kom opp til endeleg avgjerd i høgsterett 1841 – og pådømd 1843, samrøystes søkte å få han som sin forsvarar. Altså – enno 4 år etter at han måtte fri seg frå denne slarvesaka i Odelstinget, ser det ut til at veljarane hans frå ytre Romsdal framleis hadde full tillit til sin tidlegare stortingsmann.

Men dette fortel oss og kven han i sin verksemd som prokurator hadde ført sakene for, nemleg småkårsfolket, og kven han hadde hatt til motpart – embetsmennene. For meg teiknar det seg her tydeleg bilete av ein idealist som i si ferd gjennom livet alltid stod til teneste for dei som mest hadde trong for hjelp. Slik prokuratorverksemd vart ein nok ikkje rik av. Tallak Lindstøyl skriv i si historie om Stortinget 1814-1914, i biografien om Ole Halvorsen, «at han ved prosesser og uheldige spekulasjoner, måtte sælge Mjelva og flytte til Bud i 1841». I beste fall er dette ei ufullstendig historie om denne mannen. Og når han tek oppatt dette slarvet om at han «efter sigende skulde have rømt til Tyskland» som er det reinaste historiske vrøvl, så er det ei skam at dette har vore pensum for studentar og andre i lang tid.

Det ligg ikkje føre noko sann skriftlig ettermæle etter Ole Halvorsen. Det er m. a. for å prøve å få retta opp noko av dette eg har leita fram det som var skreve om han frå hans samtid. Eg har i alle høve kome fram til at etterslekta har grunn til å vere stolt av stamfar sin. Eg vonar at det eg har leita fram kan vere med å styrkje ei slik kjensle.

Andre kapitlet av soga til Ole Halvorsen Mjelva gjev og eit lite glytt inn i denne mannen sitt liv, som skulle vere med å grunngi nokre av våre refleksjoner.

 

Strysaka.

Om denne saka syner eg til den kjendte lokalhistorikar Martinus Rogne si framstilling. Denne saka som altså vart tøygd ut i samfulle 12 år, og kom til slutt til endeleg avgjerd i høgsterett, og som i våre dagar helst ville av påtalemakta vorte stempla med «påtaleunnlatelse”. Men i dei dagar vart nok ein slik flokk av fiskarbønder og andre arbeidsfolk ei interessant «mjølkeku» for «retten» – og embetsmennene – slik at det vart tøygd ut så langt det var råd.

For meg synest det mest interessante i denne samanhengen må vere, at alle tiltalte i ankesaka for høgsterett, «søkte» om å få den tidlegare stortingsmann frå Bud – Ole Halvorsen – til forsvarar, først frå dei 72 tiltalte frå Aukra og Sandøy – og at han så seinare vart tilsett av høgsterett som offentlig forsvarar for alle sakgjevne.

Det skulle gå tydeleg fram av dette, at Ole Halvorsen var ein som «den vanlege mann» såg opp til, og sette stor pris på og som embetsmenn, når det kom til stykket, laut respektere.

Stryskuta som stranda ved Yksnøy oktober 1830.

Den kjendte granskaren av lokalhistoria Martinus Rogne, har i ei utgreiding om denne strysaka, gått gjennom skriftlege kjelder i Statsarkivet, som eg her er så fri å gjengi eit utdrag av .

«Det hadde vore sterk vestavindstorm nokre dagar, so skavlane kvitskumma havet så langt ein såg.

Den 27.oktober 1830 kom eit engelsk skip inn i Harøyfalla og prøvde å kome seg inn til Uksnøya. Det var Barken «Albion» av Scharborhough, med Thomas Halle som kaptein. Skipet var lasta med jarn, plankar, svinebørster, lin og stry, på veg frå Arkangelsk og skulle til London. Ein km. utanfor Uksnøya grunnstøytte Albion medan folket på Uksnøya sto og såg på. Dei manna då ut ein båt og la iveg utom øya. Stormen hadde spakna litt, men det var endå uråd å kome til skipet. Dei gjekk istaden opp på Stormåsholmen og frå eit lågare skjer på utsida av holmen, strakte dei ei 40 famners line ut til «Albion». Mannskapet feste seg i lina og hoppa i sjøen. Ein for ein vart dei så drege til lands på holmen.

Alle mann vart berga endå so hardt sjøbrot det var. Den grunnen som «Albion» stranda på vart oppattkalla etter forliset og vert kalla «Engelskflua» den dag idag. Um dette forliset vitna : NiIs Eriksen, Uksnøy, f. 1783. Son hans – Erik NiIsen, f. 1805. Christen Johansen Uksnøy, f. 1784 og son hans – Iver C. Uksnøy f. 1812. Tenarar på Uksnøy – Johan Johansen 25 år og Jacob Pedersen 18 år. Desse seks frå Uksnøya var det som berga mannskapet på Albion. Dei vart alle innstemt som vitne i det første rettsmøte på Gamlem den 27/2- 1831.

Christian Uksnøy vitna om forliset at stormen spakna den 28 oktober. Det kom då mange båter til Albion, og folk la råd om kva dei skulle gjere. Los Peter Larsen Flem gjekk først ombord, tilsto han, men han gjorde det først etter samråd med andre som gjekk ombord ilag med han.

Det kom no etterkvart mange til skipet og dei gjekk ombord og tok til å avtakle skipet. Om ei stund kom også styrmannen og matrosene og hjelpte til. Alt som var laust og alt dei fekk tak i av lasten, slik som plankar, lin og stry, vart ført tillands og lagt i haugar på holmen. Overtollmann Møller frå Myklebust kom straks til skipet og var sidan jamt tilstades under bergingsarbeidet.

Den 2. november vart det halde bergingsrett på Uksnøya, etter krav frå kjøpmann Karl Rønneberg i Ålesund og kaptein Thomas Halle. Overtolltenar i Ålesund Peter Storm var tolk for kaptein Halle, som også var tilstades. Det var framleis eit blåsande ver som hindra berginga. Retten kom til semje om å påskunde bergingsarbeidet mest mogeleg og derfor skulle det leigast 255 mann på 53 båtar, for å frakte mest mogeleg på land frå skipet som låg og gnog på grunnen. Det var elles fastbunde med kjettingar, men det var hol i botnen så mesteparten av lasten låg under vassflata.

– Seinare deltok 350 mann i berginga, som gjekk fram til 12. november. Såleis at 58 mann med 10 båtar arbeidde frå daggry til avdagsleite. – Den 12. november hadde dei berga alt som var takande, og alt vart verdsett på land.

Men no hende det syrgjelege :  Det kom for ein dag at fleire hadde teke med seg sjøvåt stry og lin heim, – serleg dei som hadde vore med å berge frå 28.oktober til 2. november. Og alle desse vart innstemt til tings for å stå tilrette for «Ran på Albions last». Dei frå Haram skulle møte på tinget på Gamlem, og dei frå Sandøy og Aukra på tinget for Sund.

Dei fleste som hadde teke med seg noko heim «tilsto si synd», og ga opp det dei hadde teke. Alt skulle leverast til lensmann Petter Gamlem, og som noterte det kvar kom med. Alle varene som vart berga, vart seld på auksjon på Gamlem den 20.oktober 1832.

Futen på Sunnmøre kravde at 181 av dei som vart innstemte for tjuveri frå Albion vart innstemt til forhøyr. Amtmannen sendte saka til ein kommisjon for å føre saka mot dei 181 frå Aukra, Sandøy og Haram. Skrivaren på Sunnmøre, Knut Karl Krogh og skrivaren Hans Thiis Møller på Moldegård, skulle styre forhøyret.

Det vart avsagt dom 5.mars, 1839, men vart forkasta av høgsterett, som kravde ny saksførehaving 5/10 1841. Denne domen vart anka til høgsterett, som stadfesta han den 30. september 1843. Den nye straffelova av 1. januar – 1843 vart ikkje teke omsyn til.

72 mann frå Sandøy og Aukra, og 50 frå Haram vart dømde til tukthusstraff frå 2 til 6 mdr. Mellom dei dømde var 29 losar som alle miste losretten sin. Aktor i saka var Peder Hagerup frå Teige, og forsvarar var stortingsmann Ole Halvorsen, Mjelva frå Bud. Han var tilsett som offentlig forsvarar for alle sakgjevne.

Etterskrift.

Ved å gjennomgå dei gamle justisprotokollane for Romsdal otting, ville ein sikkert finne mykje om Ole Halvorsen Mjelva frå saker han har vore borti i si sakførarverksemd (prokurator). Eg trur likevel det ikkje er andre karaktertrekk ved denne mannen enn de eg her har peika på som kan endre biletet av han i denne framstillinga.

Eg trur og at dette vil vere nok til at folk som er interesserte i lokal- og personhistorie vil få eit anna syn på det dei trur å vite frå tradisjon og utsegner som har overlevd etter dei gamle rykta, som han sikkert måtte dragast med så lenge han levde.

Ein av dei eg veit var av hans beste vener – Michael Henrik Henningsen Width – var nok ein mann som i den tid høyrde til ein meir akseptert klasse (døydde inne på Årøneset der han budde). Den siste tenesta han gjorde denne venen sin var nok ikkje den minste :  På skiftesamlinga etter Ole Halvorsen møtte Width opp og sa seg viljug til vere formyndar eller verge for enkja og dei umyndige barna.

widt-kummen1Michael Width selde handelshuset Viken i 1863. – Bollen – «Width-kommen» – (sjå foto) fekk bestefar, slik som dei mange andre av den gamle kundekrinsen rundt i bygdene. Det vart fortald om Width, at då han kjøpte Viken, brende han alle gamle kladdebøker og papir som synte at nokon hadde gjeld til handelshuset. Alle skulle kjenne seg heilt gjeldfri til han.

Det var elles den tredje av desse «venene» som i 1838 hadde kjøpt Viken på auksjon – sokneprest Frost. Berre kort tid etterpå gav han skjøte til Width. Og me kan vel gå utifrå at om denne handel hadde dei samtala føreåt.

«Vidthkommen» etter bestefar var eit av dei første tause vitna som tala til meg om det eg har skrive om her. Sidan vart det fleire – både levande og døde som ville vitne.

Berre ei minnestøtte står att å reise der ute.  Med namn i gullskrift over dei tre minneverdige menn. Men mykje meir enn det burde vore gjort på ein av dei mest historierike stader på kysten.

«Tak vare på kystkulturen» – er eit gamalt slagord. Og nettopp ute i Bud ville det vore det rette miljøet å reise eit institutt for forskning i lokal- og kysthistorie. Eit slikt institutt ville og vore eit brukbart ettermæle til dei tre heidersmenn.

Nokre millionar til dette – samanlikna med dei mange tusentals som t.d. er sløsa bort på dei store bankbyggja i hovudstaden, skulle synast rimeleg.

Eg har skreve framanfor at Ole Halvorsen flytta med familien til Bud omlag på same tid som presten Frost kom til Bud. Men truleg er dette ikkje heilt rett. Det er mykje som tyder på at han flytta først i 1840 – 41. Det er mest truleg han budde på Mjelva. Sakførarverksemda hans førte nok med seg mykje reising. Etter at han i 1840/41 tok på seg å vere forsvarar for høgsterett, for alle sakgjevne i Strysaka, er det rimeleg at han busette seg utasunds.

Det ser ut til at ein av sønene hans hadde teke opp yrket etter bestefaren – farging og veving. Minne om dette synest å vere at ein del av Mansonigarden var kalla «Blåtårnet». Blåfarge var vel noko av ei motefarge på den tid. Det får oss kanskje til å tenkje på blåfargeverket på Modum. Kjendtfolk som leitar i lokalmiljøet vil nok finne mangt som minner.

I «Strysaka» hadde underretten vedteke at saka skulle pådømast av ein kommisjon oppnemnt av sorenskrivarane i nordre Sunnmøre og sorenskrivaren i Molde, Romsdal. Ole Halvorsen er alt å finne som forsvarar for dei 181 saksøkte i 1834. Han prøver då å få saka avvist. Dom vart likevel avsagt av berre ein av kommisjonsmedlemane. Dette og at han også finn eit rot i heile saksførehavinga, såleis og at to av dei tiltalte vart dømt endåtil to gonger kvar. – Dette også for skuld missvisande presteattestar.

Eg har prøvd med dette å hente fram noko frå Bud si historie frå 150 år attende. Men mest har eg vore sterkt interessert i å få eit betre tak i sanninga om stortingsmann Ole Halvorsen Mjelva, som kolvsiglde og drukna på fjorden sørvest for Bud i 1842. I det høvet sende eg også spørsmål til Riksarkivet, i von om det var eit prosesskriv att etter han frå strysaka. Men eg fekk til svar at noko såvore dokument ikkje fanst. Det vart heller ikkje i domspremissane nemnt kva for «brøde» dei vart dømt til tukthusstraff for.

Kår endeleg saka nådde fram til Høgsteretten i 1839, vart den sendt attende med krav om handsaming for ein ny kommisjon. Denne domen som vart stadfesta av høgsterett, vart slik Martinus Rogne gjev uttrykk for, av mange grunnar so «utsliten» at mange av dei dømde fekk sleppe med korte straffer. Det var og fleire tiltalte som var døde medan den lange ulukkelege rettsaka sto på.

 

Odelstingsforhandlinger 3. november 1836.

Her finn me referat frå Ole Halvorsen si utgreiing til protokollkomiteen om Stockholmsreisa, og som vert attgjeven nedanfor i den originale målbruken:

«Det kan ikke være vanskeligt for nogen at forestille sig, hvilket indtryk det maa have gjort paa mig, at være bleven gjort til gjenstand i denne forsamling for sigtelser, der endog have foranlediget qvæstion om sæde paa det nu forsamlede storthing. Uvant som jeg er til at bevæge mig udenfor en indskrænket kreds, og uforberedt paa at slig beskyldning som den gjorte, nogensinde skulde blive fremsat imod mig, har jeg haft al min fatning fornøden, for at kunne bære vægten af en saadan miskjendelse.

Beskyldningens dristighed, ikke dens føie, var det imidlertid, som gjorde det vanskeligt for mig at indsee, om mit gode navn og rygte af skjebnen var bestemt at blive opoffret for sammensværgelse imod det, eller om det kunde være mig muligt ved en sandfærdig og uforbeholden fremstilling af det passerede at redde det rygte, som et heele foregaaende liv haabes at have begrundet blandt dem, der kjende mig, og ikke af fiendtlig hu ville see eller ikke kunne anderledes end see alt i et slet lys.

Jeg spurgte mig selv, hvad kan hr. byfogdens hensigt være, naar han  her fremsætter ubeviiste og ubeviislige beskyldninger imod mig. Anseer han det, at berøve næsten hans gode navn og rygte, for noget saa ubetydeligt, at man letsindigen tør give det til priis for blotte, for utilforladellge – og, som jeg senere hen skal vise, usanfærdige rygter, dem jeg veed ikke hvilken tjenstaktig aand, der har bevogtet mine skridt, havde fundet sin regning ved at udsprede.

Er det en rigtig eller nogenlunde forsvarlig anvendelse af den repræsentanten tilstaaede yttringsfrihed, naar man benytter den for at angribe næstens ære i udtryk, der om end tvivlsomme og tvetydige ikke destomindre, naar de findes i slig forbindelse, giver blandt publicum i almindelighed en utvivlsom og utvetydig betydning til den beskyldtes skade. Naar saaledes hr. byfogden skriver, at jeg eftersigende i Stockholm skal have brugt udtryk, som lettelig kunde hentydes til, at jeg som storthingsmand vilde rette mig efter de forholdsregler, mand maatte finde for gode at give mig, saa hedder det t.ex. i den Constitutionelle, at hr. byfogden var kommen til visshed om, at jeg havde brugt udtryk, der sigtede til at jeg som repræsentant vilde handle saaledes.

Hvad kunde, tænkte jeg ved mig selv, hensigten være med udtryk, der paa engang ere beskyldninger og ikke ere beskyldninger ? Beskyldninger forsaavidt imputationen for angjeldende er lige følelig, men ikke beskyldning forsaavidt anklageren unddrager sig beviisbyrden ? Jeg troer ikke man før har haft et saadant exempel som nærværende i denne Norges Tingsal, hvor ogsaa jeg har været vidne til den ædle varme som har viist sig ved anledninger, da man troede nogens navn og rygte gaaet for nær.

Det har da været yttret, at vedkommende skyldte sig selv at bevise sine anker, og dette, som har angaaet fraværende, har jeg ingen grund til at troe ikke skulde gjelde den nærværende repræsentant, hvis rettigheder jeg ikke vil skulde være større, men ei heller mindre end nogen anden mands. Men i stedet for at fremsætte beviste beskyldninger som anke, fremsætter man ubeviste, og vil at beviisbyrden skal paaligge den beskyldte, der altsaa skal have at afbevise beskyldningerne, hvis de ikke skulde gjelde som anke imod ham. Er dette rigtigt ? Kan man med en løs beskyldning have lov at nøde en mand til at gjøre skriftemaal foer hasteder, og en eller anden af de norske embedsmænd, som ere tilstede hos Hans Majestæt i Stockholm. En anden grund, hvorfor jeg i lengere tid har ønsket at gjøre en reise til Sverrig, var, at jeg, der selv eier en hue- og strømpe-fabrik, rigtignok i det smaa, ønskede at see de lignende fabrikker i Sverrig, hvor jeg vidste vare saa meget fuldkomnere, for at jeg, om muligt, kunde foretage nogen udvidelse og forbedring med den jeg har.

Af denne sidste grund blev jeg under mit i ophold i Christiania bestemt paa at gjøre en reise til Gothenborg, og forsynede mig endog til den ende med pas. Imidlertid gik denne plan ved mellemkommende omstændigheder over styr, og jeg forlod Christiania med beslutning at reise hjem. Men en tiIfeldig omstændighed gjorde forandring i denne beslutning. Da jeg kom til Hedemarken til nogle beslægtede ønskede min kone, som fulgte mig, paa grund af en paarørendes død og begravelse, at opholde sig der nogen tid. Den forrige tanke vaktes; den tid kunde jeg maaskee bedst benytte ved en reise til Stockholm, og bestemt ved begge de anførte bevæggrunde foretog jeg da den reise, der har gi vet anledning til saa usandfærdige rygter og beskyldninger. Med planer om en fremtidig udviklet drift saavel i ovennævnte henseende som ogsaa med hensyn til at et rescript af 8. november 1743 hjemler indvaanerne om Veblungsnæsset ret til handel med grove varer, hvilken jeg med en nogenlunde kapital kunde gjøre fordeelagtigt brug af, kom jeg til Stockholm.

Da Hans Majestæt Kongens hjælpsomhed, baade var mig bekjendt og blev mig forestillet, og det i nogen af vore offentlige laaneindretning, saavidt mig bekjendt, ikke eller høist vanskeligt kan erholdes laan uden kapitalafdrag, saa blev jeg bestemt paa at ansøge Hans Majestæt om et laan paa 3000 spd. mod lovlige renter og første prioritets obligation i min eiendom, Hans Majestæt var saa naadig at lade mig haabe denne ansøgning indvilget til næste aar. Hr. statssecretair Due, der var tilstede, vil kunne bevidne dette. Denne Hans Majestæts godhed gav mig anledning til at haabe, at et mindre laan paa 400 spd. som forhaandenværende pekuniære forholde gjorde mig trængende til, maaskee strax kunde være at erholde og indgav derom en ansøgning gjennem statssecretair Due. Da jeg engang forgjæves søgte denne for at erfare udfaldet, og min afreise fra Stockholm allerede var bestemt, erholdt jeg ikke noget svar paa samme.

See, dette er hvad der er passeret, og hvilket prædicat man ogsaa vil gi ve det, nogen brøde kan det dog visselig ikke blive, Efter følgerne – og efter dem vil jo mennesket, skjøndt med uret, saa gjerne bedømme enhver handling – maa jeg nu ansee min for at have været ubetænksom og mindre klog; men i sandhed, jeg havde endda ikke dyrtkjøbt den lærdom, at alt kan ved en slet og skjæv fremstilling blive slet. Jeg troede ikke endda paa en mulighed som den, at man af ovenstaaende kunde sammensætte den smukke historie at jeg ikke alene henvendte mig til Hans Majestæt, men ogsaa til statsminister Løvenskiold og de øvrige norske embedsimnd om et laan fra 3000 indtil 40 spd. , at jeg fik reisepenge mod dekourt i mine tilkommende diætpenge som repræsentant, og at jeg endelig skal have yttret mig saa at det lettelig kunde hentydes til, at jeg som repræsentant vilde som storthingsmand stemme for de forholdsregler man smatte finde for godt.

Alt dette indeholder en bagvaskelse der ikke eier mindste grund. Jeg talte engang med statsministeren og den herværende regjering vilde vide, at jeg ikke har trukket nogen vexel paa mine tilkommende diætpenge. At jeg kun søgte Hans Majestæt og ingen anden om de tvende ovenstaaende laan vil hr. statssecretair Due kunne bevidne. Og hvad nu den sidste, den værste beskyldning angaaer, da er det mig meget tungt at maatte forsvare mig mod en saadan, og jeg kan – krævende ham, som randsager hjerter og nyrer, til vidne om, at jeg intet øieblik har haft saa svagt, at jeg skulde ville sælge min overbeviisning og min stemme i Norges Thingsal – appelere til alle dem, der heri kunne afgive vidnesbyrd, og jeg er overbeviist om, at jeg ikke kan have udtrygt mig saa uheldigt, at det skulde begrunde en slig beskyldning.

Skulde imod al formodning denne, tildeels smertelige anatomie af mit privatliv ikke være tilfredsstillende for de hæderlige mænd, mel lem hvilke jeg skulde tage sæde, da har jeg kun en bøn, og den troer jeg at have retfærdigt krav paa at see opfyldt, at man uden humanitetsføleslsen saarende debatter vil over lade sagen til rette dommeres kjendelse«.

 

Skriv inn søkeord..