– i boken «´Songar og Sogor av John Klæbo»; det er H.G. Heggtveit som har ført dette tillegget i boken i pennen og den også særmerkede Bertrand Jensen som er «Bokreidar» (utgiver/red.); utgitt i Christiania i 1898 v/S. & Jul Sørensens Prenteverk (trykkeri/red.); dette var mange år etter Klæbos bortgang i Utne i august 1874;
– her følger bokens sider 117 – 128 :
John Klæbo.
Ein framifraa fin og fager Septemberdag i 1869 gjekk eg (d.e. Heggtveit/red.) inn paa Allskulen i Kristiania for aa høyra Professor R. Nissen greida ut Kyrkjesoga.
Eg var daa ein ung Fjellgut, komen her inn fyrste Gongen for aa sjaa og høyra, gjekk i min Dølebunad, og daa Fyrelesningi var slutt, krudde Studentarne kring meg og vilde gartast (snakke/red.) med meg.
Daa kom der fram ein Kar, medels høg, men noko tunnlagd, med fine, aandfulle Andlitsdrag og ein undarleg drøymande Glans i dei blaao Augo; han helsad paa gamallnorsk Vis og spurde, kven eg var. Det fortalde eg, og me vart straks som Kjenningar. Det var noko so opet og hjartegodt, i den Maaten han møtte meg paa, so me kom snart i ei livleg Samrøda.
Eg fylgde honom heim til det smaalaatne Romet hans høgt uppe i Pilestrædet, Huset ovanfor Tobaksfabrikken hans Langaard. Det var eit lite, laagt Tak-Kammers han hadde leigt seg her, med berre eitt Vindauga, mot nordvest.
Paa Vegen kaupte han med seg Flesk og Braud og lagad Mat aat oss, og sjeldan hev eit maaltid smakat meg so godt som daa; for eg hev aldri kjent det so livande, at det eg fekk var gjevet av eit godt Hjarta, samstundes som han visste aa krydra denne Landskosten med tilhøvelege, vitsame Rødor. Eg vart verande der til langt paa Natt, og kunde aldri verta trøytt av aa høyra paa alt det han hadde aa tala um.
Dette var det fyrste Møtet mitt med den no longo avlidne John Klæbo. Sidan var eg oftare saman med honom og lærde meir og meir aa setja Pris paa alt det hugtakande og vensæle ved Mannen med den rike Sergivnad og den folkelege Skrivemaaten. Vaare Blad og Tidsskrifter hev havt rike Tilskot fraa hans Penn, mest Songar og Stykke til Bokmannssoga, alt saman Ting som skulde gjeva honom Rom i vaar Boksoga millom dei gaaverike Diktarar
-118-
og folkekjære Bokskrivarar.
Likevel var han ukjend for Folk flest; for han skreiv oftast namnlaust, berre med eit elder anna Merke under. Det var ogso so vidt spreidt, det han hev skrivet, so det var vondt nok for Folk aa leita det fram og faa lesa det.
Eg meiner daa, at eit litet Utval av det, han hev skrivet paa Maalet, skulde verta vel fagnat og med Æra hævda sitt Rom som god Folkelesnad.
John Klæbo var fødd paa Garden Glein i Dønnes, Anneks til Nesne Prestegjeld, den 15de September 1839.
Foreldri var baae emnerike Folk. Faren heitte Peder Johan Klæbo, og var ættad fraa ein mann som var Prest i Trondheim i det 17de Hundradaaret (Millom 1640 og 1664 var ein Peder Hanson Prest i Soknekalle Klæbu ved Trondheim. Av Borni hans tok mange Bu paa Helgeland; dei fylgde Skikken i den Tid med aa taka Namn etter Prestegjeldet og kallad sæ Klæboe. Eldste sonen, Hans Pederssøn Klæboe, vart fødd 1632 og døydde 1719; han budde i ei lång Aarrekkja paa Vikholmen i Nesne og var Handelsmann og Skipar (d. e. hadde Jægtebrug). I sitt Egteskap med Margrethe Johansdatter Grøn fraa Trondheim hadde han mange Born, og av deim er her aa nemna tvo Søner : Johan Klæboe som var fødd 1663 og døydde 1722 som Prest i Nesne, og Christen Klæboe, fødd i 1681, daaen 1739; han budde paa Saura i Nesne og var Skipar og vart gift med Elisabeth Johnsdatter Stoud. Dette Egtepar var Oldeforeldre til far aat John Klæbo).
Han var av dei lette, livlege Folki, som «let Jordi syta». Han var «Styrmann», d. e. Førar og Los for ei Nordlands-Jægt, og synte han var ein ferm og dugande Sjømann paa mang ei vaageleg Ferd millom Lofoten og Bergen.
Mori heitte Marit Kathrine og var av Bangs-Ætti som etter Segni skal vera innflutt fraa Jamtland. Det er og sagt, at denne Greini er av same Rot som den store Ætti Bang, som eig so mange vidfræge Namn. Ho var eit Kvende med ein fin og djup Natur, hjartegod og varmtruande etter gamall Vis.
Sonen braadde mest paa Mori; det djupe Huglaget hadde han teket i Arv etter henne. Fleire av Systkeni hans var framifraa emnerike. Ei av Systerne hans var so bibelsterk, so Folk trudde ho kunde heile Bibelen utanaat.
I Vissa var no eldste Broren hans, Ole Edvard Klæbo, ein gaaverik Mann, full av kveikjande Liv og Lune. Han kom like vel ikkje til aa ganga den lærde Vegen. Han hadde slik brennande Hug til Sjoen; det friske Sjolivet drog honom til seg med ei Magt som ikkje var til aa staa imot, og øydde hans Kraft, so han døydde i ung Alder.
Heimen hans John Klæbo hadde ved seg noko visst gamalldags og truhjartugt, med eit Husliv i godmeint Gudsfrygt etter den Tids Sed. Den storlagde fagre Natur ikring Heimstaden sette djupe merke
-119-
i den barnslege Guten, og speglar seg med all sin Rikdom i Diktningi hans.
Kvar Vinter fraa han var 6–7 Aar til Konfirmationsalderen, heldt han til paa Garden Sigerstad hjaa sin Farbror John Klæbo, som han var kallad upp etter.
Her kom han i Lag med eit Systkenbarn, A. Chr. Bang (Anton Chr./red.), som var eit Aar yngre og no er Bisp. Det kom til varm Venskap millom deim, og dei vart snart umissande for kvarandre. Heile Livet stod dei trufast saman som David og Jonatan.
Hjaa gamle John Klæbo nyttad dei Tidi paa denne Maaten : Dagen byrjad med Morgonbøn, som dei las kvar sin Gong; etterpaa ein Salme elder aandeleg Song. So var det aa taka fram «Garnbindingen» og binda Garn, med Tilsyn av Farbroren. Etter Middagen stod dei paa Ski, rende paa Kjelke elder gjekk i Grannestovorne og saag paa Folk arbeidde.
Naar Kveldsljoset var kveikt, skiftest dei kvar sin Dag med aa lesa av «Tusund og ei Nott», «Holger Danske», «Kongebøkerne» (Saga-Bøkerne) til langt paa Kvelden. Av og til fortalde Gamlingen um Liv og Hendingar i Lofoten.
Til Slut Kveldsbøn og nokre Salmevers, fyrr dei gjekk i Seng. Kvar Sundag las Farbroren Preika i Müllers Huspostil, med Gutarne og heile Huslyden sanka ikring seg. Desse Vinterkveldarne med sin Fred og si Ro prentad seg djupt i minnet paa dei unge, Minne som dei, i den vaksne Alderen, saag attende paa med vedkjømeleg Saknad.
Og dei var hugsame aa minnast, desse Sogor um forgjorde Kongssøner og Kongsdøtter, um Drakar, um Lindormar og nedgravne Skattar, med det Liv og den Farge som Hugleiken i Barnesjæli kann leggja i slikt.
Dei fylgde Harun al Raschid paa hans Utferder i Bagdad, dei stod i Striden jamsides med Holger Danske, Burmann og Ferakunde. Paa same Maaten var dei med Harald Haarfagre paa hans Sigerferd og Heilag-Olav paa hans Herferd mot Heidingskap og Trollskap og Gygrar som vart til Stein.
Med slik Lesehug hadde dei snart plogt igjenom alle Bøkerne der i Huset og i Grannelaget. Etter det var det aa taka til Bygdeboksamlingi. Millom dei Bøker, dei fekk laant seg, var ogso «Gjest Baardsen Sogndalsfjærens Levnetsløb», ei Bok som inkje nett er den heilsamaste Lesnad for Born. Men tok deim sterkt gjorde ho, og det var knapt med mindre Ihug en han sjølv, dei ynskte, han skulde hava Lukka med seg i sine Tiltak med aa røma.
Den tridje i Laget med desse tvo Gutarne var stundom ein Husmannsson som dei kallad Per paa Hellen. Med Minnet um honom er det sambundet ein liten morosam Tilburd : Farbroren aat
-120-
Klæbo og Bang heldt deim til aa syngja med høgt Maal. So var det ein Gong etter Kveldsbøni at dei song den velkjende Salmen i Kingos Salmebok : «Den som mig føder», o.s. fr. Slutningi paa den lyder soleis : «– — naar som mine Dage have her en Ende». Per paa Hellen song daa i, so høgt han orkad : «Naar som mine Dage, de have her ingen Ende». Dei torde inkje læja medan dei song, men tok det att, daa dei var ferdige.
I Augo paa den yngre Frenden sin gjekk John Klæbo for aa vera «overlag lærd». Det som inkje gjorde minst til aa leggja ein slik Lærdomsglans yver honom, var det, at han var eit Stykke av ein Kunstdyrkar for han aatte eit Salmodikon, som han spelad Songar paa. At Systskenbarnet hans skulde faa Lov til aa prøva Instrumentet, var sjølvsagt inkje til aa tenkja paa, fyrr Farbroren tvingad honom til det.
Soleis skreid dei fyrste Barneaari, til den sæle Tidi kom, daa dei skulde paa Skulen. Vesle John var daa 8 Aar paa Lag (omtrent/red.) Skuletidi var svært stutt, berre 5 Vikor i Aaret.
Dei tvo Frendarne tevldest og stod nokolunde paa same Stig. Alt fraa fyrste Stund, dei kom innanfor Skuledøri og til Konfirmationen, hadde dei den Lukka aa hava til Lærar ein Mann, som dei alltid mintest med Kjærleik og Takk. Han heitte Andreas Paulsen, og flutte ei Tid etter til Bø i Vesteraalen. Han var ein gaaverik Mann og ein dugande og samvitsfull Lærar, so Næmingarne hans jamleg sermerkte seg paa Kyrkjegolvet, og det er mange av deim som hev naatt langt fram elder høgt paa Livsstigen og soleis kann bera Vitne um det Gagn dei hev havt av hans Undervisning.
Læraren tok seg serleg av Klæbo og Bang, og dreiv det merkeleg langt fram med deim. Daa Klæbo var konfirmera, kunde han, umfram dei vanlege Skulekunnskapar daa, ogso si Norigs Soga, og i Rekning alle dei grunnleggjande Reknemaatar, heilt til «Selskabsregning». I «Norsk» dreiv han deim godt, og dei fekk ofte drjugt harde uppgaavor i Stil. Alt i denne Tid lagde Klæbo Grunnen til sin fermskap i aa handsama Maalet, med di at Frendarne kvar Vika, naar dei inkje var saman, skreiv Brev aat einannan.
Sumaren 1856 skreiv Klæbo seg for Presten, og var i heile 6 Vikor allstøtt paa Prestegarden, soleis som Skikk og Bruk var i Nordland med Lesarungdomen i den Tidi. Desse Dagarne stod i hans Minne som ei framifraa sæl Tid. Um Sumaren er det usegjeleg vent paa Nesne Prestegard, og sogneprest Dometius var sers snill og hyggjeleg mot honom. Like eins Klokkaren der, Augustinusen, som laante honom
-121-
Bøker. Den Undervisningi, han fekk her, var fruktrik, og Dometius var ein aalvorsam og grannvar Mann, som hadde stor Innverknad paa dei unge.
Efter Konfirmationen var Klæbo tenkt paa aa slaa seg paa Sjolivet og vanleg nordlandsk Næringsdrift. Han var daa i Lag med sin eldre Bror paa Lofot-Fiskje eit Par Aar, og lærde der paa fyrste Hand aa kjenna det Liv som han seinare skildrad so livande og vent i sine Dikt og forteljingar.
I Millomtidi vaknad Hugen til Boki i honom paa nytt, og daa Bang, Frenden hans, var reist paa Lærarskulen paa Trums og hadde voret der eit Aar, kom han etter. Det var i 1859.
Paa Trums var den Gongen ei sterk Vekkjing og Rørsla, som greip ymse av Lærarskulegutarne, og millom deim Klæbo. Til Lukka for deim hadde dei so gode Menner til aa rettleida deim som Bisp Gislesen og Skulestyraren der, Hvoslef, og seinare hans Ettermann, Presten Karl Roll. Desse menner forstod aa taka det paa ein sers tilhøveleg Maate med aa klaara upp deira Tankeliv og leida deim inn paa ei vegfast kyrkjetru Leid, til Frigjering og Fred.
Klæbo heldt daa og innarleg av desse Mennerne, og talad seinare um deim med varm Kjærleik og Takk.
Etter han hadde gjenget tvo Aar paa Lærarskulen, tok han Avgangsprøva i 1861 med ikring 1.50 i Medelkarakter, og til Æreløn for hævt Arbeid fekk han P. A. Munchs Nationalverk, «Det norske Folks Historie», fint innbundi, som Hans Majestæt Kongen hadde sendt aat Lærarskularne til det Bruk.
Straks etter vart han Huslærar hjaa Lensmann Øxaas i Lyngen. Her var han i tvo Aar, og nyttad Fristunderne vel til aa lesa. Daa Frenden hans hadde teket til aa studera, kjende han ein sterk Hug til aa gjera det sama; Bang, som den Gongen heldt til i Kristiania, fekk ein Varalærar-Post aat honom ved Haugerud-Skulen i Vestre Aker, 1863.
Attaat Skulearbeidet sitt las han no paa Spreng til aa koma inn paa Allskulen (Universitetet). Kvar Ettermiddag gjekk han til Byen og fekk Undervisning i Latin og Græsk av frenden sin. Denne Tidi, han var paa Haugerud, fekk mykje aa segja for heile hans Liv seinare. Her vart han kjend i Huset hjaa Brandt, som budde tett attmed Skulen, og dette Huset var baade daa og seinare ein merkeleg møtestad for fleire av vaare fyrste og beste Menner i Bokyrke og i Vitskap, samstundes som det var sers gjestfritt mot unge Folk, som der vart sterkt paaverka i mynsterfolkeleg Leid.
Kvar Sundag var det der ei heil Samling av slike Vener av Huset, og ein med (av/red.) dei vissaste og merkelegaste av deim var Diktaren A. O. Vinje.
-122-
Med dei yngre Folk i Huset der knytte Klæbo eit sterkt Venskapsband, medan Verkseigar Brandt sjølv ogso var honom til Studnad paa mange Maatar.
Paa den Tidi han skulde vera ved Haugerudskulen var ute, gjekk han ei Tid paa ein Friskule i Kristiania og gjorde seg ferdig til Student-Eksamen. Den tok han i 1864 med godt haud. Etter dette dreiv han paa med Lesingi og lagde seg mest etter Soge-Lesnad og Gamallnorsk. Dei gamle Sogorne las han grundig og i stort Umfang. Hans Soge-Lesnad og framifraa Kunnskapar der gjorde at L. L. Daae, Professoren vart, lagde sers Merke til honom.
Denne Vitskapsmannen vart hans Ven og Hjelpar, og sytte for at han fekk fri Tilgang til Allskulens Boksamling. Vel fyrebudd tok han daa i 1865 «Andeneksamen» med beste Karakter. I denne Tidi las han inkje so lite Filosofi, i vissa Skrifterne av J. L. Heiberg. Straks han var ferdig med denne Prøva, vart han Lærar ved den landskjende Latinskulen som daa var grunnlagd av Aars og Voss i Kristiania.
For aa lesa nokre Fvremiddagstimar i Smaaskulen her fekk han so god Løn, so han med sine smaa Krav kunde slaa seg igjenom.
Mangt han hev sagt i Brev fraa den Tid vitnar um, at hans Hug stod til Prestelæra, og at den var ei Hjartesak for honom. Attaat las han ogso Søren Kierkegaard, og høyrde i 1864 paa dei Fyrelesningarne som Fr. Petersen, den Gongen Stipendiat, seinare Professor, heldt yver den Manns Liv og Skrifter og det, det hadde aa segja.
Lærarane sine nemner han med Lovord og Takk, i Vissa Professorarne C. P. Caspari og Gisle Johnson.
Um hans Studentarliv er elles ymist merkande aa fortelja. Paa den Tid var det ein Krins af Bondestudentar som nokre Aar i Fyrevegen hadde lagt seg saman til aa halda Møte til sams aandeleg Kveikjing, Hyggje og Gleda. Millom dei fyrste Lagsmenner var E. Blix (seinare Professor), A. Chr. Bang (Bisp), O. Johannesen og O. T. Olsen (Prestar), J. Olsen (Prest i Amerika) o. fl.
Attaat kom ogso med nokre Studentar av Embætsstandet; men dei var berre eit litet Mindretal. Dette Laget vart skipat i 1862 elder 1865 og fekk Namnet : «Den nordlandske Forening».
Dei kom saman et Par Gonger i Maanaden, og i Møti dryfte dei alle Slags Spursmaal og tamde seg upp i aa tala. Mang ei Styrkeprøva hadde dei med einannan, men i all Venskap. Desse Møti, med eit og anna Gildet imillomaat, var til stor sams Hyggje og Kveikjing, og verkad ogso til Lyfting og Framvokster. Det var rein, skuldlaus ungdomsgleda ein her fekk njota; aandrike Hugsviv, Vitleik og Skjemt skiftest med
-123-
Aalvor, og endaa Umgangsmaaten var fri og Modet uppe, gjekk like vel alt med Sømd og god Skikk, og kunde standa for den strengaste moralske Domstol.
Som ein ser, var Livet millom desse Bondestudentar heilt ulikt det, som Garborg skildrar i si namnfjende Bok. Med desse Kameratarne slo ogso John Klæbo seg i Lag, og søkte her Kveik og Kvild etter det tunge Skule-Arbeidet og alt Lesestrævet sitt. Med si livlege Aand hjelpte han inkje litet til aa gjera Samkomorne hugsame, og til festar i Laget diktad han ymse fagre Songar.
Alt straks etter at Klæbo var ferdig med dei tvo fyrste Prøvorne ved Allskulen, tok han paa med sitt Bokmanns-Yrke, og aukad paa med Aari. Hand i Hand med det dreiv han sterkt med aa lesa nytt og gamalt i Bokriket. Fraa fyrst av skreiv han berre eit og anna Hendemaalsdikt, som i det nemnde Nordlands-laget, Studentarsamfundet, 17de Mai og slikt.
Ved Umgjenget med Vinje, um inkje fyrr, vart hans Samhug med Maalsaki vakt. Til aa skilgreida Saki for seg sjølv og leggja henne til rette for andre, skreiv han i Almueskoletidende for 1868 ei Framgreiding paa fleire Stykke, som han kallad «En Hilsen til Lærere», underskrivne med det paatekne Namnet Filodemos Pedersen. I desse Stykke, som gjeng gjenom 12 Nr. av Bladet, gjev han ei aandrik, varm og hugtakande Skildring av den folkelege Upplysning og Framvokster soleis som den er fremjad av Wergeland, R. Keyser, P. A. Munch, O. Vig, Eilert Sundt, Ivar Aasen og Vinje.
Dette Arbeidet vart avgjerande for heile hans seinare Liv. Fraa no av var han Maalmann med Liv og Sjæl, og hans Hugmaal samlad seg meir og meir um Landsmaalet og eit folkeleg Leid.
I Spursmaal um Kyrkje og Riks-Liv var han fraa no av frilynd; men han hadde paa same Tid eit djupt kristelegt Livssyn, soleis som det han skreiv ogso ber Merke av. Med aa lesa til Prest gjekk det etter denne Tid smaatt. Vistnok slo han aldri heilt ifraa seg Tankarne um aa verta Prest, og las ogso ein Gong imillom med det Maal for Auga; men i Grunnen var han seld, fraa den Tid han skreiv desse Stykki sine i det nemnde Skulebladet.
I sitt ædle og iherdige Stræv med aa setja sine Hugsyn ut i Livet gjekk han under. Det som meir enn anna knekte honom og lagde honom i ei tidlig Grav, var for det fyrste det, at Vonerne til at faa Maaltanken framførd var so lite ljose, og dinæst det at fleire og fleire baade av Maaltankens Talsmenner og Stridsmennerne for Fridom og Folkerett tok til aa syna fiendskap mot Kristendomen og
-124-
grava Grunnen unda den, anten paa ein openljos elder fin Maate.
Hans djupe Sorg yver dette kom fram baade i Samrødor, i mange av Brevi hans, og mange Stader i dei trykte Arbeidi av honom. Den Vantrui, som hotad med aa brjota inn yver vaart Folk fraa deim som høyrte til hans eiget Meiningslag, fyllte honom med Ræddhug og ottefulle Fyresviv.
I ein av sine fagraste Songar, «Ho Sigrid med Kyrkja», læt han mori, med Tanken paa den vesle Guten ho held ved Handi, spyrja hugtung :
«Naar eg under Torva skal sova,
kven syner daa honom paa Veg ?
Eg ottast det myrknar i Stov
for Trui fraa Folket mitt dreg».
Og i eit Brev til meg av 25de September skriv han millom anna : «Eg held no inkje Blad i Landsmaalet. «Fram» er Rationalist, og dessutan ein illhugad Kar.
Tidsskriftet aat Maallaget i Bergen er godt, og det vil eg raada deg til aa løysa. Det er syrgjelegt, at «Fram» skulde faa Kloi si i den store Saki. Men lat oss inkje mishugast. Vaarherre vil inkje lata denne ljosaste Tanken i Folkelivet siga undan i Satansmagt og myrker. Det er Subjektiviteten i Nationaliteten si store Sak, som ifraa Kierkeaaard sine Dagar er Toet som lyt kjempast ned i Slekti. Ja, Herren signe dette Stræv ! Han maa ein Gong faa Æra derav, naar heile i sann Tru i sitt eiget Maalføre syng Hjartans Tonar upp til honom ! Det vil bli annan Song hell den no er, og det skal bli betre og sannare meining i slik ei Gudstenest ! Den Dagen !!»
Uttaat det her nemnde var det ogso andre Ting, som verka til aa knekkja Helsa hans. I Slutten av 60-Aari fekk han Tæringsknutar i Halsen, og dei flutte seg nedetter, til dei naadde Lungorne. Han heldt like vel ut i det lengste med Skulen og med sitt andre Arbeid.
Men Midsumars 1871 var han so klen vorten, at han laut slutta med sitt Skule-Yrke og etter Paalegg av Lækjaren reisa til Utne i Hardanger, um det der skulde vera Von til aa vinna Helsebot for Sjukdomen. Han gledde seg til aa koma til «det underdeilige Hardanger», der «gammel Kummer glemmes», drog trøstig i Vegen, og kom fram i Midten av Juli. Straks fyrr han reiste, hadde han sendt si gamle Mor eit gripande Farvel i eit Kvad : «Til min Mor med Landstads bog».
I dette skin det igjenom, at han inkje ventar seg nokor Betring, men trur han skal døv. Han kom seg like
-125-
vel munarleg i den fyrste Tidi i Hardanger, so han vart tjukk og feit, og det saag ut til det var komet eit Stans i Sjukdomen. Kor som var, so viste det seg, at han laut gjeva seg til der lenger en han hadde tenkt. Og med Tilstudnad av Aars og Voss og med Hjelp av Medlærarar og andre Vener fekk han det so, han kunde vera der vel so 3 Aar.
Han tente like vel inkje so lite sjølv med aa skriva i Vestlandsblad og Tidsskrifter. I Aari 1873 og 1874 skreiv han i «Bergens Tidende» heile 16, sume drjugt lange Stykke, som han kallad : «Nogle Ord til Minde om A. O. Vinje».
Denne Skildringi af Vinjes Liv gjeng til og med 1865, og vil alltid vera ei Hovudkjelda for Kjennskapen til denne merkelege Diktar. Tanke- og Maalføringi er livfull, imillomaat heilt hugtakande. I Slutten av 1873 og framigjenom fyrste fjordungaaret av 1874 stod der i same Blad fraa Klæbo, under Merket Filodemos, 17 Styffe som gav hans Tankar og Synsmaate um vaart Samfundsliv i form av «Fortrolige Breve fra en Samtidig».
Dessutan sende han Smaadikt baade til dette Blad og andre. I Tidsskriftet aat Vestmannalaget, «fraa By og Bygd», skreiv han i desse Aari ein Diktkrans kallad «Den Draumen min» (1871), attaat dei fine Skildringarne og Forteljingarne fraa Nordland : «Til Jol» (1871), og «Ho Dun-Sesel, ei liti Tavla fraa Nordland» (1875). Det er og fortalt i eit Brev etter honom, at han ved Nyaarstider i 1872 hadde ferdigt «et lidet Digt i 8 smaa paralelle Afdelinger, en 6-linjet Strofe, hvori Hjemfolkets Situation om Vinteren skildres, derefter Lofot-Livets mest karakteristiske Omstændigheder reflecteret i Jente-Sorgen og fremsat i 32 smaa korte Verslinjer med Slutning i et Refrain, hvori jeg vilde give Indtrykket af det forladte ensomme Liv o. s. v.»
Dette Diktet kunde han inkje faa inn i Tidsskriftet. Henrik Krohn avviste det for di det var for lokalt (!). Av Klæbo er det kallat «Nordlands-Liv», og det er i denne Utgaava gjevet for fyrste Gong slikt som han sjølv hev skrivet det.
Med Helse gjekk det meir og meir nedetter, fyrst langsamt i 1871—73, etter det forare fraa Nyaar 1874. Han gjorde seg Voner um, at Sumaren skulde hjelpa; men den vart raa og kald, og Sjukdomen drog paa med raske Stig.
Dei tre siste Aari, han var sjuk, hadde han harde Strider aa staa i, leid av ymis Tyngsla, og var modlaus og myrk av og til; men i det heile var han roleg, hugheil og raadtægd i Guds Vilje, og var buen til aa møta Dauden som ein Kristen. Med Tanken paa sin Burtgang skreiv han dette til den Presten, som hadde konfirmert honom :
-126-
«Og naar det saa smaat da lysner til Vaar nedover de tindrende Tinder,
da er jeg færdig, og Klokken min slaar, Og Nornen paa Sluttraaden spinder.
Du vied mig ind til Vaarlivets Sang min Far og min Bror til Guds Hvile,
og rækker jeg ikke til Vaarfuglens Vang, – snart skal jeg med Engle da smile».
Eit Brev, skrivet Vaaren 1874, endar han med ei vent Dikt, der det til Slut heiter :
Jeg Støv er og Aske, du hellige Gud, jeg beder dig ydmygt : giv Folket dit Bud,
Pintsebud lifligt i Storm og i Tunger, saa Salmen i Morsmaalet op til dig runger !
Riv du hvert Ugræs vor Aandsvekst trodsende, i Folkets Livskraft giftigen fraadsende.
Lys over dem, der vandrer i blinde ! lys for hver eneste Mand og Kvinde:
Lys over Landet, som magtløst sig vaander, Pintselys giv os, du Aand over Aander !
I det nyss nemnde Brevet skriv han ogso soleis : «Du kjender min Helbred, og fra Jul har Sygdommen (en langvarig tærende Lungesygdom) gaaet jevnt fremad.
Vistnok er det min Agt at pusle lidt med Skrivning, til Afskedstimen slaar. Men du kjender vist en menneskelig Trang til at trække sig ud af den politiske Hvirvel, naar det saa maat bærer Bakken ned, og at søge tilbage i de første Erindringer.
Netop Barndomsminder drager mig nu med sterkere Maat end før. Jeg maa se, om der over mine sidste Dage kunde skyde en liden frugt. Lad mig, under et dybtfølt «tak-for-nu», faa Lov til at tro at du vil opsøge og følge hvad senere muligens kunde komme, og vi saaledes kunde følges ad, skilte, men dog forenede, til den sidste milestolpe».
– «Denne Frugt over hans sidste Dage vandt ikke længere end til Blomst», skriv den Venen, som han sende dei her ettersagde Ordi. «Han hadde Planen færdig til et større Digt med Motiver fra Nordland”, stend det etterpaa i same Brevet, «og da jeg sidst talte med ham, tre Uger før hans Død, viste han mig denne, men lagde til, at han nu ikke havde Legemskræfter til at fuldføre det paatænkte Arbeide.
-127-
Jeg kunde ikke lade være at beklage hans Venner, som saa gjerne blandt Minderne om ham vilde have modtaget ogsaa dette, som jeg troede vilde blevet ikke alene det skjønneste, de havde fra hans Haand, men ogsaa et værdifuldt Bidrag til vor Literatur. Han smilede kun og sagde, at det nok glædede ham, at vi troede saa godt om ham, men selv vilde han trøste sig med, at han hverken var den første eller største, der maatte dø med sit sidste Arbeide ufuldført».
– Laurdagen den 29de August 1874 sloknad han «som en troende Kristen», etter det ein annan Ven veit aa segja. Han vart gravlagd paa Kinservik Kyrkjegard den 3dje September, og Vener i Hardanger hev reist honom ein Minnestein.
Hans Gjerning var stillferdig og smaatøk, og hans Liv so kort, so at Namnet hans berre var kjent av eit Faatal, ein Krins : men der «var det engang knyttet et stort Haab om et sterkt Arbeide blandt vort lille Folk til denne mands fremragende Evner og lyse Synt paa vor Slegts Liv og Vilkaar«.
Av hans mange Arbeid, og millom deim Dikt av stort Verd mest um heimlege Emne, er det fleire elder færre aa finna i etternemnde Blad og Tidsskrifter : «Almuevennen», «Almueskole-Tidende», «Bergens Tidende», «Dølen», «Dagbladet», «Den norske Folkeskole», «Ferdamannen», «fraa By og Bygd» o. fl.
Smaavyrden som han var, sette han sjeldan Navnet sitt under det han skreiv. Dei Merki han brukte var : S. G. (Studiosus Gleiniensis, etter Garden Glein i Nesne, der han var fødd), Filodemos, Filodemos Pedersen, F. P., J. K., o.s.f.
— Hans skriftlige Arbeider var let kjendelige og udmerkede sig ved denne grundige Oversikt, der er egen for dybere søgende Aander, som i sin Betragtning ikke blot tager Øieblikket og forklarer de store Begivenheder som Udbrudd av en øieblikkelig Stemning, men gransker efter dens Aarsag i Udviklingens Kilder.
Ved Siden heraf var der hos Klæbo ogsaa et Syn fremover, der ikke sjelden ligesom en Længsel bar udover mod Evigheden…
Hans Begavelse var i Grunden lyrisk; hans Stil havde selv i politiske Artikler en sterk lyrisk farve . . . Hans Fremstilling blev i den senere Tid undertiden noget bred. Han følte selv, hvor Sygdommen lidt efter lidt gjorde hans Sjæl mattere og sløvede hans Evner. Dog var det ofte saa, at hans tidligere Livfuldhed brød igjennem, hvorfor saa mange af os havde haabet, at han endda en Stund skulde have faaet fortsætte sit Arbeide i vort Folk».
«Udgaaet fra selve Folket, var han en varm Ven af vor folkeoplysning og vore Folkeskolelærere. Han kunde av egen Erfaring tale et Ord med om, hvilke Vanskelig-
-128-
heder det lægger i Veien for vort Bondefolks Oplysning, at Undervisningen ofte er bygget paa fremmed Grund og meddeles i et Sprog, der ikke sjelden volder Barnet og de unge store Vanskeligheder, skjønt naturligvis han, som en begavet Natur, havde forholdsvis let for at overvinde Hindringerne».
– «Han var en af disse Aander, som selv døende glæder fig over hvert Skridt, de kan slæbe sig frem i Sandhedens og Kundskabens lyse Rige».
Skal ein gjeva Serdraget ved honom, raakar ein det best ved aa segja, at han var heilt igjenom Skald. Alt fraa Barndomen var han slik, at han vart lett hugteken, og endaa han var ein Mann med grundige kunnskapar og kunde tenkja baade klaart og djupt, var det Kjenslelivet og Hugleiken, som meir og meir fekk Overtaket hjaa honom. I Umgjenge var han livleg, ofte saar paa det, eit stort Barn i Grunnen, men alltid ædel og elskverdig av Tenkjemaate, og «faa Mænd har vistnok levet et saa rent Liv som han».
Av eit Minnedikt um honom skal desse Linorne faa Rom her (forfattet av Olav Lofthus/red.) :
«Mann som han vart sjeldan funnen, hjartevarm og god til Grunnen.
Vart han inkje vigd til Prest, var han daa i Livet fesst
millom deim som Ljoset kveika, millom deim, som varmast preika.
Aa han vilde gjerne frelsa sjuke Folket sitt til Helsa;
saart det i hans Bringa brann, at han inkje lenger vann, – vilde gjerne lenger skrida
fram, for Ljos og Liv at strida».
Kristiania, Hausten 1898.
Utgjevaren (H.G. Heggtveit/red.)