– i boken : “Kristenliv i Bjørgvin. Frå Selje til Sund. Eit Festskrift”. Bergen Krins av Norsk Luthersk Misjonssamband. Bergen 1952.
– fra s. 53 –
Men den mest kjende lekmannsføraren i Sogn var truleg Erik Venjum, f. 1817.
Det seiest at ætta har butt på garden sidan kong Sverres tid. Ein stridshamar skal ha vore der frå den tid. Ein av brukarane berga livet ved å slå i hel ein skattefut med den hamaren.
Far til Erik Venjum heitte Einar. Han var sterk og streng. Mora heitte Kari, var frå Eikum og var mild og kjærleg. Einar Venjum hadde ein eldre bror som heitte Ivar, og Ivar gifte seg med Synneva som var syster til Kari. Synneva var ei sers dugleg og gudeleg kvinne. Ho vart omvend ved Hauge.
Heilt frå Erik var liten, vart han oppfostra hjå moster Synneva. Her fekk Erik læra å lesa katekisme og forklaring, salmebok og postill. Dette vart beste skulegonga hans. Med skulen elles vart det smått stell for di læråren drakk, og vart til sist avsett.
Tolv år gamal kom Erik heim att. Ein mann gav han ein bibel, som han las i og var flink då han kom på kyrkjegolvet. Faren var streng og verdsleg, men moster nådde han enno med formaningar om å leva gudeleg.
Men etter konfirmasjonen dreiv han mykje med kortspel, dans og hestehandel. Og då kom freistaren og sa at no må du læra å banna og lyga.
I 1837 kom Nils Optun til Venjum og heldt samling i heimen hans. Der var mykje folk. Erik stod skamfull i døra, for di han hadde sete oppe heile natta og spela kort.
Nils Optun tala fyrst til folket, og då han var ferdig med talen og ein salme, rusla han ned over golvet og snakka med einskilde og bad dei omvenda seg. No vart Erik vakt i lag med fleire unge. Og dei samlast til bøn og lesing av Ordet. Men dei møtte mykje motstand og spott.
Eit par år etter tok Erik Venjum ein juletur til Veitastranda i lag med eit par lekpreikarar frå Luster. Komen heim att, ville faren vita kvar Erik hadde vore. Erik svara spakt at han hadde vore på Veitastranda for å tala Ordet i lag med to vener. Men då vart faren så sinna at han treiv ei øks og jaga han ut or heimen, og sa at han ville aldri sjå han meir på Venjum. Erik rømde til Luster, men påska etter kom han heim att til moster Synneva. Dit kom fyrst mora og sidan faren for å be om tilgjeving for hard medferd. Men faren ville ikkje at Erik skulle ha noko å gjera med lesarane. Men no hjelpte det lite for faren å seia slikt. Erik vart både gardbrukar på Venjum og førar for lesarane i Sognebygdene.
Då Erik Venjum vart gardbrukar bad han denne bøna :
– Du ser, kjære Gud, at når eg no skal vera gardbrukar, må eg ha meg ei kone. Difor må du vera så gild å finna meg ei. Amen.
Sjølv tenkte han på alle dei truande gjenter han kjende. Men alltid sa det inne i han: Det er ikkje henne.
Så kjende han ikkje fleire og gav opp. Men ei natt drøymde han om ei gjente i ein heim, som han aldri hadde sett før. Han snakka med ein truande om dette.
– Den heimen som du har drøymt om, er heimen til Søren Bolstad i Luster, svara hin.
Erik fikk vita både namn og adresse. Etter den skreiv han brev om at han kjem om fjorten dagar, og då vil han ha svar. Og fjorten dagar etter kom han til gards på Bolstad.
– Du har sett meg til arbeids, sa gjenta, som heitte Brit. Men du lyt snakke med han far om dette.
Erik gjekk til gubben som spurde han ut om gard og grunnar. Han ville vita kva slags velstand det var på Venjum. Erik som alltid var smålåten, gav seg ut for å vera mindre mann enn han var. Då slo gubben neven i bordet og sa at Brit fekk han ikkje, men han skulle få syster hennar, som var eldre. Men då reiste Erik heim att tomhendt.
Seinare kom folk til gards og ville vita kva slags friar som hadde vore der. Då dei fekk vita det, kalla dei gubben ein stor tosk. Slik gard og slik mann som Erik Venjum får Brit aldri. Då drog gubben seg i håret og sende atterbod.
Erik Venjum fekk Brit, som han hadde drøymt om. Men då han sat med henne i kyrkja og skulle viast til henne, kom han etter at han hadde ikkje teke til å elska henne enno. Då bøygde han hovudet og bad :
— Du store Gud, som gav meg Brit. No må du hjelpa meg til å elska henne og. Og sanneleg vart han bønhøyrd. I same stunda vart ho den fagraste mellom kvinner, og vart det alltid seinare.
Erik Venjum var helst ingen talar, men ein god samtalar. Og det han sa etter at andre hadde tala, vart ofte det beste som vart sagt på møtet. I hans dagar vart Venjum den faste borg for lesarane i Hafslo. På eit vis kan ein seia at han laga skule. Fleire av drengene hans vart lesarar som han sjølv, og berarar av den kristne arven etter han.
Endre Monsen tente hjå han i fleire år, og var ein god regulator på det sangvinske sinnelaget til Erik Venjum. FjærlandsNils vart ein gild dreng og reiste seinare heim att til Fjærland. Men bror hans, som tok namnet Ivar Venjumshola, vart knuppen av dei alle.
Erik Venjum lyste ofte til samling på Venjum og sette Ivar til å preika, sjølv kom han med ein formaningstale etterpå og snakka med den einskilde.
Med fridomssalmen som Erik Venjum kvad då han i skuronna 1842 fek høyra at konventikkelplakaten var avlyst, gav han oss eit varig minne.
O takk, vår Herre kjær, For sådan frihet er
At vi i fred kan tales ved om det som hør til salighet.
Å øse ned Ånd, liv og fred I samlet menighet !
Å underlige skjulte ting Som så kan løfte opp vårt sinn,
Fra nød og stød Til liv og glede sød.
Min Frelsermann, fra korsets stand
Jeg lengter hjem til himlens land,
og ønsker titt å komme der Til evig hvile blid.
(nr. 447 i Sangboken)